Hopp til innhold

Truleg ny høyringsrunde i nigeriabåt-saka

NRK har vore i kontakt med representantane til Frp, KrF, Venstre og Høgre, som alle ønskjer ytterlegare høyring i saka om nigeriabåtane. Dette vert etter det NRK veit bestemt på komitémøtet komande tysdag.

Hans Fredrik Grøvan (Krf)

Hans Fredrik Grøvan i KrF ønskjer ytterlegare høyring i nigeriabåt-saka. Det same gjer Venstres Abid Raja.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Ein av dei er Hans Fredrik Grøvan frå Kristeleg Folkeparti.

– Eg synest framleis det manglar viktige svar på vesentlege spørsmål. Blant anna manglar vi ein statsråd, ein forsvarsminister Grete Faremo, som var forsvarsminister i ein veldig viktig periode, seier Grøvan til NRK.

Han seier dei også har fått unnvikande svar frå Norsk megling og auksjon (NMA).

– Vi treng ei ny runde for å avklare kva som er sant og ikkje sant, seier Grøvan.

– Vi bør ha ei ny høyring der både Faremo og NMA vert kalla inn att igjen med tanke på kva dei har sagt og levert av dokumentasjon til Utanriksdepartementet som komiteen enno ikkje har fått. Dette bør klarerast slik at vi får informasjonen om kva som verkeleg har skjedd, spesielt i salet av båten Titran som vi ikkje har fått svar på i dag, avsluttar han.

Leiinga i meklarfirmaet NMA strevar med å gjere greie for både pengar og kontraktar i salet av eit kystvaktfartøy for Forsvaret.

Saka held fram under biletet.

Kystvaktskipet Titran

Grøvan meiner dei manglar informasjon på kva som faktisk skjedde då kystfartøyet Titran vart selt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Får støtte frå Frp, Høgre og Venstre

Og Grøvan får støtte frå fleire av dei andre medlemmane i komiteen. Helge Thorheim frå Frp er saksordførar i nigeriabåt-saka, han seier til NRK at Grøvan kan rekne med støtte for forslaget om ny høyring frå Framstegspartiet sine to medlemmar.

Dette gjeld også Abid Raja som sit i komiteen for Venstre.

– Denne saka er svært stygg, og den vart styggare etter høyringa i dag. Eg meiner vi treng å sjå dokumentasjonen og forehalde den til fleire av aktørane, seier Raja til NRK.

Høgres Michael Tetzchner meiner at det er viktig å få Grete Faremo tilbake for å få fleire svar i høyringa.

Dermed ser det ut til at ytterlegare høyring vert ein realitet. Det er nemleg nok at fire av medlemmane i komiteen ønskjer dette.

Kan vere straffbart

Utanriksdepartementet ser alvorleg på mogleg brot på eksportkontrollregelverket. Departementet har difor i denne saka innretta eit mogleg straffbart forhold til riksadvokaten, sa statsråden under høyringa i Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomite torsdag ettermiddag.

Brende seier at spørsmålet er om det vart gitt feil, ufullstendige eller villeiande opplysningar i samband med utførsel av fartøya.

Selde norske kystfartøy til paramilitære

Dagbladet avslørte i juni i fjor sommar at til saman ti norske fartøy er selde til paramilitære i Vest-Afrika.

Handelen med dei norske marinefartøya har gått føre seg dekka over via stråselskap, der representantar for nigerianske paramilitære har vorte invitert til norske marinebasar for å kjøpe båtar, ifølgje avisa.

Blant skipa som vart selde er KNM Terne og KNM Horten, samt kystvaktskipet Titran.

AKTUELT NÅ