Hopp til innhold

Trøndelag Ap innser Giske-nederlag

Arbeidarpartiet i Trøndelag ville at Trond Giske skulle bli verande i sentralstyret, sjølv om han gjekk ut av nestleiarvervet. No legg dei derimot saka død, etter at sentralstyret konkluderte med det motsette.

Anne Marit Mevassvik, fylkesrådsleiar Nord-Trøndelag

VILLE HA GISKE: Fylkesleiar i Trøndelag Ap, Anne Marit Mevassvik, ville at Trond Giske skulle behalde ein plass i sentralstyret, sjølv om han har trukke seg som nestleiar.

Foto: NRK

– Vi tek utsegna frå sentralstyret til etterretning og ser no at det ikkje er mogleg etter ynskjeleg å gå noko vidare med denne saka, seier Anne Marit Mevassvik, leiar i Trøndelag Arbeidarparti, til NRK.

Førre veke gjekk ho ut og sa at Trond Giske burde få halde fram å møte i sentralstyret, trass i at han mista vervet som nestleiar.

Dette begrunna ho blant anna med at vedtektene til Ap seier at partiet skal ha 21 medlemmar.

Men måndag konkluderte sentralstyret i partiet med at det er unaturleg at Giske held fram i styret når han har trekt seg.

– Frå Trøndelag Ap har vi sagt at Trond har ein plass i sentralstyret. Eg registrerer at eit samla sentralstyre ikkje finn det naturleg at han møter på møta i sentralstyret, det tek vi til etterretning.

– Har Giske blitt behandla rettferdig?

– Han er sjukmeldt, eg har ingen ytterlegare kommentar til den saka, seier Mevassvik.

Kan gjere «comeback» i Trøndelag

Det nye Trøndelag Ap skal velje nytt styre og ny leiar. Adresseavisen spekulerer i om Trond Giske er aktuell som kandidat til dette vervet. I så fall kan Giske bli leiar i Norges største fylkeslag i partiet.

– Det er sett ned ein valkomite som skal jobbe fram til det ordinære årsmøtet i Trøndelag Ap, der eit nytt styre skal veljast. Det er dei som gjer denne jobben i tråd med partidemokratiet, seier Mevassvik.

– Ynskjer du at de skal finne ein plass til Giske her, så han igjen kan få eit tillitsverv i Ap?

– Det har eg ingen kommentar til, då det er valkomiteen sin jobb å kome med eit forslag til nytt styre.

– Ikkje opp til meg å vurdere

Det er Ingvild Kjerkol som leiar valkomiteen for Trøndelag Ap. Ho vert rekna som ein støttespelar av Giske.

Ingrid Kjerkhol

KAN GI GISKE LEIARVERV: Stortingsrepresentant og sentralstyremedlem i Ap, Ingvild Kjerkol, leiar valkomiteen i det nye Trøndelag Arbeidarparti. Ho skal innstille ny leiar for fylkeslaget.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kjerkol er stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag og sit i sentralstyret til partiet. Etter at sentralstyret måndag samrøystes konkluderte med at det vert unaturleg for Giske å halde fram i styret, ville ho ikkje utbrodere fleire detaljar.

– Utsegna reflekterer opplevinga av saka slik den er no, og kva som er vegen vidare. Dette kjem frå sentralstyret, der eg også sit.

– Er du einig i at det er unaturleg for Giske å møte i sentralstyret?

– No er jo Giske sjukmeldt, då er det ikkje naturleg for han å møte.

– Men når sjukmeldinga er over?

– Det er ikkje opp til meg å vurdere.

7. januar trakk Trond Giske seg som nestleiar for Arbeidarpartiet, etter fleire skuldingar om seksuell trakassering mot yngre partifellar. Torsdag konkluderte partileiaren med at Trond Giske har brote partiets retningslinjer mot seksuell trakassering.

AKTUELT NÅ