Hopp til innhold

Trond Giske er sjukmeld

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, er sjukmeld. Det skriv han sjølv på Facebook fredag kveld.

Trond Giske kommenterer prognosen

Legen har sjukmeldt Trond Giske etter ei heilskapleg vurdering av helsesituasjonen hans.

Foto: NRK

Trond Giske skriv på Facebook at presset dei siste dagane har vore belastande. Fleire kvinner har dei siste dagane varsla om upassande oppførsel mot yngre kvinner. Giske skriv at han er vant med høgt medietrykk, men meiner at han denne gongen opplever ein annleis journalistikk.

– Presset har blitt vanskeleg å bere. Eg har i dag motteke ei sjukmelding frå legen min, etter ei heilskapleg vurdering av helsesituasjonen min, skriv han.

Giske har tidlegare sagt seg lei for at han kan ha påført andre ubehag og problem gjennom måten han har oppført seg på. I Facebook-posten gjentek han denne orsakinga.

Svekka tillit

Etter at Arbeidarpartiet gjekk ut med ei utgreiing torsdag, var mange i partiet glade for at Giske la seg flat. Samtidig er det fleire som meiner det er vanskeleg å halde fram med han i leiinga av partiet.

Giske forsikrar at alle som har varsla skal få god og rett behandling i partiet. Giske skriv også at han har gått gjennom varsla som har kome til no saman med partileiinga.

– Samtidig opplever eg at det kjem påstandar eg må imøtegå, fordi det ikkje samsvarar med det eg har opplevd, eller fordi det som blir presentert som fakta, ikkje stemmer.

Kritisk LO-leiar

Fredag har også LO-leiar Hans Christian Gabrielsen og Ap-nestleiar Hadia Tajik kommentert skuldingane mot Trond Giske. Gabrielsen skriv i ein e-post til NRK at han er uroa over dei opplysningane som har kome fram.

– Eg ser med uro og stort alvor på dei varsla som har kome mot nestleiar Trond Giske. Slik skal vi ikkje ha det i arbeidarrørsla. Eg kjenner ikkje innhaldet i varslingane til Arbeidarpartiet. Eg er oppteken av at varslarane blir tekne på alvor og teke vare på.

Tajik skriv på Facebook at ho ikkje kjenner detaljane i alle varsla som har kome, men at ho har blitt kontakta av to av varslarane.

– Dette var skakande lesing, både som menneske, nestleiar og jurist, skriv ho.

AKTUELT NÅ