NRK Meny
Normal

– Ingen grunn til å dra til Sverige

Medan innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er i Sverige for å vise «kor ille det kan gå», ville Venstre-leiaren heller vise eit glansbilete av norsk integrering i Oslo.

Trine Skei Grande Stovner vgs

«Norske tilstandar»: Trine Skei Grande på besøk i yrkesfagklassa på Stovner vidaregåande i Oslo. Ho vil heller snakke om integrering i Noreg enn å peike på utfordringar i Sverige.

Foto: Petter Olden / NRK

– I Noreg har vi vore gode på integrering. Vi må snakke om utfordringane, men det er også viktig å peike på at vi har lukkast betre enn andre, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Ho møtte elevar og skuleleiinga på Stovner vidaregåande på austkanten i Oslo i dag.

Dette skjer samtidig som Frp-statsråd Sylvi Listhaug og eit stort norsk pressekorps besøker politi og lokalbefolkning i Rinkeby. Den svenske bydelen i Stockholm er kjend for ein høg del innvandrarar, kriminalitet og sosiale utfordringar.

– Det er betre å lære av dei som gjer ein god jobb i vårt eige land, enn å reise til Sverige for å sjå det som ikkje fungerer, seier Grande.

– Tek Frp berre feil når dei åtvarer gjennom besøket sitt i Sverige?

– Vi veit vi kan lukkast med integrering om vi sikrar barnehageplass, utdanning og å få folk inn i jobb. Vi må klarer å halde på det «vi-et» som er viktig for å sikre god integrering, seier ho.

– Vert du omtalt som eit problem blir du til slutt eit

Sahra Jaber var ein av ungdommane som møtte Grande på skulen. Ho er aktiv i Alnaskulen og i opplæring av unge leiarar i bydelen.

Sahra på Stovner vgs

Sahra Jaber meiner ungdom som vert omtala som eit problem til slutt vil begynne å oppføre seg slik dei vert omtala.

Foto: Petter Olden / NRK

– Eg vert veldig frustrert når eg høyrer debatten. Vi har utfordringar, men det jobbar vi også med.

Ho peikar på at ungdom som blir omtala som eit problem til slutt blir det, fordi det er det samfunnet ventar av dei. Derfor saknar ho dialog.

– Politikarane burde snakke med folk og ikkje om folk. Heller enn å reise til Sverige burde Sylvi Listhaug ta turen hit til Groruddalen for å sjå kor fantastisk det er her. Eg tek ho gjerne med på tur, seier Jaber.

Ståle Økland har skrive boka «norske tilstander», der han har følgt politiet sitt arbeid i hovudstaden, og meiner ein er langt frå «svenske tilstandar» i Noreg.

– Det finst utfordringar og miljø vi bør følgje med på, men vi har ingen tilstand der politiet ikkje får gjort jobben sin, seier han.

Rektor Stovner vgs Terje Wold

Rektor på Stovner vidaregåande, Terje Wold, seier det er utfordrande å drive ein skule med mange ulike menneske.

Foto: Petter Olden / NRK

Men rektoren på den vidaregåande skulen ynskjer debatten velkomen.

– Det er sunt og riktig å diskutere integrering. For meg er det viktigaste å sjå elevane og gi dei eit best tilbod. Med mange elevar med ulik bagasje og føresetnader for læring så er det utfordrande for lærarane å følgje opp kvar enkelt, seier rektor Terje Wold.

Meiner Sverige heller kan lære av Noreg

Grande trekk heller fram noko Sverige kan lære av norsk integreringspolitikk.

– Det at vi har ei styrt busetting over heile landet bidreg til at vi ikkje får etnisk geografiske område.

– Har vi ingen utfordringar med integrering her i landet?

– Utfordringar har vi alltid hatt, også før vi hadde innvandring. Det har alltid vore utfordringar med kriminalitet og gjengar i delar av byen, samtidig har vi knapt hatt så lav ungdomskriminalitet som det vi har no.

– Korleis forklarer du då Venstre si oppslutning versus Frp?

– Eg trur mange støttar vår beskriving av verkelegheita. Eg har tru på at vi vil mobilisere veljarar mot dei store partia som konkurrerer om å vere strengast.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger