NRK Meny
Normal

Trekte seg frå Frp i protest - hyllar grasrot-opprør

– Heilt på sin plass at Frp-grasrota gjer opprør mot moderpartiet, seier tidlegare leiar i Tinn Frp, Ronny Abrahamsen. Sjølv trekte han seg ut i protest då Frp sa ja til nedlegging av lokalsjukehuset på Rjukan.

Frp-leiar Siv Jensen og eks-lokallagsleiar i Tinn, Ronny Abrahamsen

Ronny Abrahamsen var lokallagsleiar i Tinn Frp, men fekk nok då Frp sentralt støtta nedlegginga av lokalsjukehuset. Han synest det er riktig og bra at fleire lokallag varslar debatt om Frp sitt standpunkt i lokalsjukehusstriden under landsmøte denne helga.

Foto: NTB scanpix / NRK

I fjor sommar gav Frp si velsigning til vedtaket om å leggja ned sjukehuset på Rjukan. For lokallaget i Tinn kommune var vonbrotet så stort at styret gjekk i protest.

Den tidlegare leiaren for Tinn Frp, Ronny Abrahamsen, er no glad for å høyra at distrikts-Frp tek opp kampen for lokalsjukehusa på partiet sitt landsmøte denne helga.

Sjølv opplever han sviket som for stort til å kunne venda tilbake til Frp.

– Føler oss skamlurte

– Alle kjenner alle her i bygda og me føler oss skamlurte heile gjengen. Eg stod på stand under valkampen og snakka varmt om at Frp vil ta vare på lokalsjukehusa, seier Abrahamsen.

Eks Frp`aren viser til Frp sin handlingsplan for 2013-2017, der det blant anna står at Frp ikkje kan støtta ei omfattande nedbygging av lokalsjukehusa og at «for å gje pasienten eit best mogleg tilbod (..) bør lokalsjukehus ha eit minimum av behandling som sikrar døgnkontinuerleg akuttberedskap».

– Det er det rake motsette som har skjedd her i Rjukan. Det er heilt på sin plass at distriktspolitikarane no gjer opprør, alt anna ville ha vore riv ruskande gale, seier Abrahamsen.

Vil stå på barrikadane

Gruppeleiar i Namsos Frp, Stein Tore Wolff

Gruppeleiar i Namsos Frp, Stein Tore Wolff skal kjempa for lokalsjukehusa på årets landsmøte i Frp.

Foto: Terje Næss

Namsos Frp er eit av fleire lokallag som no fryktar ein tilsvarande situasjon i sitt distrikt. Leiaren Stein Tore Wolff forstår at Abrahamsen ville ut av partiet etter sjukehus-nederlaget.

– Eg forstår han, men me vil kjempa for dette og stå på barrikadane. Me kan ikkje leggja ned lokallaget vårt i Namsos, seier Wolff som trur årets landsmøte blir tøft på grunn av kampen for lokalsjukehusa.

Etter at sjukehuset i Rjukan blei borte, må innbyggjarane i Tinn til Notodden for å få akutt hjelp. For dei som bur i ytterkantane av kommunen er reisevegen på om lag 15 mil.

– Får du blodpropp, hjartesvikt, slag – då er tida som tel. Ein ambulanse kan ikkje erstatta sjukehus, rasar Abrahamsen.

NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Frp sentralt om standpunkt når det gjeld lokalsjukehus og akuttkirurgi.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger