Hopp til innhold

- Hald deg unna om du vil vere i live i morgon

Florence Aryanik skulle halde appell under markeringa av Krystallnatta i Oslo i kveld. Tidlegare i dag fekk ho ein anonym telefon med beskjed om å halde seg borte, om ho ville vere i live i morgon.

Florence Aryanik

Florence Aryanik har opplevd mange truslar etter at ho engasjerte seg i Ungdom mot rasisme.

Florence Aryanik (20), som er sentralstyremedlem i organisasjonen Ungdom mot rasisme, seier at ho har fått truslar også tidlegare, men aldri så konkrete som denne gongen. Derfor valde ho å halde seg borte frå arrangementet.

Fasanenstrasse synagogue i Berlin brenner (1938)

Markeringa i kveld er til minne om Krystallnatta i Tyskland for 75 år sidan. Dette biletet er frå øydeleggingane i Berlin.

Foto: Ap

Markeringa til minne om Krystallnatta i Tyskland for 75 år sidan er eit samarbeid mellom Antirasistisk Senter og Det mosaiske trussamfunnet i Noreg. Her er det blant anna eit fakkeltog som går innom fleire av dei såkalla «snublesteinane», som er lagde ned utanfor heimane til jødar som vart deporterte frå Oslo under krigen.

Truslar frå islamistar

Tidlegare har Florence motteke truslar frå det ho trur er islamistar. Dei meiner at ho kler seg uislamsk, og ho har fått høyre at ho skal bli valdteken gjentekne gonger til ho ikkje torer å bevege seg utanfor heimen sin.

Denne siste trusselen trur ho like godt kan kome frå eit høgreekstremt miljø. Ho veit ikkje korleis dei som trua henne i dag har fått tak i telefonnummeret hennar. Ho har hemmeleg nummer, og ho har skifta nummer tre gonger den siste tida..

– Det var ei vanskeleg avgjerd å trekkje seg frå arrangementet i kveld, for eg er eigentleg meir redd for å bli trua til å vere still enn å bli trua på livet. Men eg valde å trekkje meg frå arrangementet på grunn av familien min.

– Fritt liv i gåve

Florence fortel at ho og familien kjem frå Iran. Der finst det ikkje ytringsfridom. Derfor ser ho på det at ho fekk kome til eit fritt liv i Noreg som ei gåve, og ho vil bruke den gåva til å ytre seg offentleg om det ho står for.

Ho er fødd i Iran, men familien flykta til Noreg då ho var eitt år gammal. Ho engasjerte seg tidleg politisk, men er ikkje lenger partipolitisk aktiv.

– Det at eg går ut med dette offentleg viser ikkje til eit fråvær av frykt, men snarare ei overtyding om det finst noko viktigare enn frykta. Og det er motet til å vise motstand, seier ho til NRK.no.

Her er eit lite utdrag frå appellen Florence hadde planlagt om å halde i Oslo i kveld:

I kveld vil jeg ikke se noen med senkede blikk. For vi som står her, vi er villige til å minne oss selv om en forbrytelse som det ikke var vi som begikk. Dette skal vi være stolte av. Derfor vil jeg be dere løfte hodet, og løfte faklene dere holder i hendene enda høyere. La oss i kveld reise gjennom hovedstaden vår, og overdøve ekkoet av 75 år gamle redselsskrik. La oss forvandle de ødeleggende flammene fra Krystallnatten til de flammene som med våre steg lyser opp byen vår. Og la oss aldri glemme fortiden, men la oss alltid ha håp for fremtiden.

Florence Aryanik

– Stygg utvikling

Rune Berglund Steen

Rune Berglund Steen er leiar for Antirasistisk Senter.

Foto: Sana El Morabit

Leiar i Antirasistisk Senter, Rune Berglund Steen, seier det er ei stygg utvikling når det gjeld truslar mot menneske som engasjerer seg mot rasisme. Han minner om at den tidlegare leiaren for Ungdom mot rasisme vart angripen utanfor heimen sin. Etter dette torde ho ikkje anna enn å trekkje seg frå vervet i organisasjonen og heilt tilbake frå det offentlege liv.

Han fortel at fleire med verv i organisasjonen har fått valdsalarm på grunn av truslar. Berglund Steen meiner det er viktig å melde slik truslar til politiet.

– Vi kan ikkje godta at menneske som engasjerer seg i samfunnet skal utsetjast for truslar, seier han.

Frå markeringa av Krystallnattjubileet på Jernbanetorget i Oslo.

Frå markeringa av 75-årsdagen for Krystallnatta på Jernbanetorget i Oslo i kveld.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

AKTUELT NÅ