Hopp til innhold

Treholt-forfattar tek gjerne ei rettssak

Forfattaren Geir Selvik Malthe-Sørenssen seier han ville sett pris på om dei tidlegare etterforskarane i Treholt-saka gjer alvor av å trekkje han for retten.

Geir Selvik Malthe-Sørenssen foran Treholt-bilder

Geir Selvik Malthe-Sørenssen ser fram til ei eventuell rettssak.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Den tidlegare POT-etterforskaren Leif Karsten Hansen har tidlegare sagt at han vurderer å gå til sak mot forfattarane av boka «Forfalskningen - politiets løgn i Treholt-saken», om ikkje saka blir teken opp att.

Vurderer rettssak

Leif Karsten Hansen vil i dag overfor NRK ikkje seie noko om han vil gå til sak, men via kona si seier han at det er eit spørsmål han vil ta stilling til seinare. Han er ein av to etterforskarar som blir namngitte i boka, der det blir hevda at dei har forfalska bevis.

Malthe-Sørenssen seier at det kan vere greitt å få dette belyst i retten.

- Då kan vi få prøvd dei bevisa vi har lagt fram i boka rettsleg, og det kan vere svært interessant, seier han til NRK.no

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker har todagersmøte om Treholt-saken

Helen Sæter er leiar for Gjenopptakingskommisjonen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Geir Selvik Malthe-Sørensen er ikkje nådig i kritikken sin av Gjenopptakingskommisjonen og leiaren Helen Sæter. Han meiner at kommisjonen har sett til side bevisa dei la fram i boka, og at dei ikkje har vurdert det som dei britiske etterforskarane har kome fram til.

LES OGSÅ: - En trist dag for rettssikkerheten

LES OGSÅ: Hvem er avhørt om Treholt av Gjenopptakelseskommisjonen?

- Rettstryggleiken har tapt

- Eg meiner at rettstryggleiken her har tapt mot prestisjeomsyn for dei hemmelege tenestene, seier Malthe-Sørensen.

Han meiner at Helen Sæter anten ikkje snakkar sant, eller så har ho ikkje lest alle dokumenta.

- Og eg veit ikkje kva som er verst, legg han til.

Janne Kristiansen

PST-sjef Janne Kristiansen krev orsaking på vegner av PST.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Forfattaren meiner det er naivt å tru at etterforskarar som har snakka usant i så mange instansar, plutseleg skulle byrje å snakke sant i avhøyr med Gjenopptakingskommisjonen.

Ein sint PST-sjef, Janne Kristiansen, kravde i dag, på vegner av PST, ei orsaking frå forfattarane av boka.

LES OGSÅ: POT-spanere mener de har en god sak

LES OGSÅ: Dette er «pengebeviset» i Treholt-saken

Video Malthe-Sørenssen i Dagsnytt 18

Malthe-Sørenssen i Dagsnytt 18

- Kan gløyme orsaking

- Janne Kristiansen kan gløyme ei orsaking frå oss. Ho bør heller konsentrere seg om ein intern oppvask i PST. Det er det verkeleg behov for, seier Geir Selvik Malthe-Sørensen.

Geir Selvik Malthe-Sørenssen har inga tru på at avgjerda i Gjenopptakingskommisjonen vil setje eit punktum for Treholt-saka.

«Forfalskningen - politiets løgn i Treholt-saken» vart gitt ut på forlaget Publicom. Eigaren av forlaget, Kjetil Kristoffersen, har tidlegare sagt at NRK at han ikkje fryktar eit søksmål. Dette fordi dokumentasjonen i boka er så grundig. Han venta at Gjengopptakingskommisjonen ville falle ned på ei avgjerd om at saka skulle takast opp igjen.

Video Se duellen mellom Qvigstad og Stabell

VIDEO: Se duellen mellom Qvigstad og Stabell

AKTUELT NÅ