Hopp til innhold

Tre omkom på E18

Tre menn omkom og fem andre personar vart skadde i ei bilulukke på E18 ved Svartokjær sør for Stathelle i Bamble kommune i natt.

Tre omkom i ein kraftig front-mot-front-kollisjon på E18

Tre menneske omkom i den dramatiske ulukka i Bamble.

Foto: OLE N. OLSEN

Ulukka skjedde då ein personbil og ein minibuss kolliderte front-mot-front, opplyser Telemark politidistrikt.

Det var føraren av personbilen, samt føraren og ein passasjer i minibussen som miste livet.

Det var til saman åtte personar i dei to bilane. Politiet fekk melding om ulukka klokka 00.40.

Kan ha vore høg fart

Dei tre omkomne er alle menn. Ein 63-åring, ein 46-åring og ein 19-åring. To omkom momentant, medan den tredje døydde på sjukehuset.

– Ut frå spreiing av vrakdelar på staden kan det vere snakk om høg fart, seier operasjonsleiar Jens Arne Bærland i Telemark politidistrikt til NRK.

Jaktlag på veg nordover

Dei sju mennene i minibussen var eit jaktlag frå Sørlandet på veg til Nord-Noreg. Dei hadde hengar med båt med seg. Det var også tre hundar med i minibussen, og ein av desse måtte avlivast.

Den omkomne sjåføren av minibussen er ein 63 år gamal mann frå Songdalen. Den omkomne passasjeren i minibussen er ein 46-åring frå Songdalen. Den omkomne føraren av personbilen er ein 19-åring frå Langesund i Bamble.

Dei fem skadde passasjerane i minibussen er to 58-åringar får Songdalen, ein 24-åring frå Songdalen, ein 54-åring frå Songdalen, og ein 49-åring frå Lillesand. Dei vart tekne til sjukehus, men det blir opplyst at dei berre er lettare skadde.

Ulukkesutsett strekning

Det har vore mange dødsulukker i dette området på E18 dei siste åra.

Vegen forbi ulukkesstaden var stengd i fleire timar i natt, men er no open for trafikk igjen.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Dødsulykke

Ambulansepersonell kom raskt til ulukkesstaden.

Foto: Ole N. Olsen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger