Hopp til innhold

Tre menn knivstukne i slagsmål

Tre menn er skadde etter knivstikking på i Gursken på Sunnmøre. Politiet har kontroll på ein mistenkt mann.

Gursken

  • Har du bilete, eller veit du noko om denne saka? Tips NRK på 03030@nrk.no

To personar skal vere alvorleg skadde, og er frakta bort med ambulansehelikopter, medan ein tredje er frakta med vanleg ambulanse.

Politiet seier til NRK at dei har kontroll på ein mann som er mistenkt for ugjerninga.

Knivstikkinga skal ha skjedd då fleire menn starta å slåst ved ei brakkerigg. Ifølgje eit vitne som Sunnmøreposten har vore i kontakt med skal hendinga ha skjedd i Gursken i Sande kommune, og ikkje på Herøy som først meldt.

Alle dei involverte skal vere utanlandske arbeidarar.

AKTUELT NÅ