Hopp til innhold

Tre fengsla i nynazist-sak

Både den russiske nynazisten Vjatsjeslav Datsik (30) og to norske statsborgarar vart varetektsfengsla i går.

Vjatsjeslav Datsik

Den russiske nynazisten Vjasjeslav Datsik er varetektsfengsla for fire veker.

Foto: Skjermdump: YouTube

I dag skal politiet vurdere om også ein fjerde person skal framstillast for fengsling.

- Alle tre vart varetektsfengsla i går. Dei er fensgsla for fire veker slik politiet kravde, seier seksjonssjef for organisert kriminalitetet i Oslo politidistrikt, Einar Aas, til NTB.

LES OGSÅ: «Den røde Tarzan» og russisk nynazisme

LES OGSÅ: Ny pågripelse i nynazist-saken

Russland og Estland

Dei to norske statsborgarane er fødde i 1977 og 1989. Ein av dei er opprinneleg frå Estland, medan den andre kjem frå Russland.

Ein fjerde person, ein norske statsborgar fødd i 1980 med russisk bakgrunn, vart pågripen i eit tatoveringsstudio på Holbergs plass i Oslo i går, same staden der politiet aksjonerte sist tysdag.

- Under aksjonen i tatoveringssstudioet fann vi endå ein skarpladd pistol. Ein fjerde person vart pågripen. Vi vil vurdere i løpet av dagen i om vi skal krevje han varetektsfengsla, seier Aas.

Politiet har i alt teke beslag i seks våpen. Alle dei tre fengsla er sikta for brot på våpenlova, og for forhold som er knytte til dei andre beslaga politiet har gjort.

Saka vart kjend tysdag då TV 2 melde at Datsik hadde rømt frå ei lukka avdeling på eit psykiatrisk sjukehus i St. Petersburg i Russland og teke seg til Noreg for å søkje om politisk asyl.

Alvorleg kriminalitet

Politiet har opplyst at den vidare etterforskinga kan relaterast til kriminalitet av ein langt alvorlegare karakter enn politiet har opplyst om hittil. Det kan blir fleire arrestasjonar i saka.

Oslo-politiets seksjon for organisert kriminalitet samarbeider tett med Politiets tryggingstenesten PST i denne etterforskinga. PST har i lang tid har høgreekstreme miljø under oppsyn.

- Eit poeng er no å finne ut om det er høgreekstrem verksemd vi hittil ikkje har kjent til. Dersom det er tilfelle, vil PST bli trekt sterkare inn i saka, seier Einar Aas til NTB.

Frontfigur

Aas ser det også som naturleg for politiet å samarbeide med utlendingsdirektoratet og med russiske styresmakter. Førebels har politiet ikkje teke kontakt med russiske styresmakter.

Datsik er kjend i Russland som «Raude Tarzan», og har vore deltakar i ulike former for kampsport. Han har også vore ein av frontfigurane i den nynazistiske organisasjonen Slavisk union.

Organisasjonen vart erklært ulovleg i Russland i mars i år, men ei russisk nettavis har skrive at gruppa kan ha oppretta eit kontor her i landet.

LES OGSÅ: Holdt kontakten med nazi-parti fra sykehuset

LES OGSÅ: – Helt stille fra nynazister i Norge

LES OGSÅ: Rømt russisk nynazist pågrepet i Oslo

AKTUELT NÅ