Hopp til innhold

Har vore inne i hovuda til mange drapsmenn

Dei tre psykiatrane som kan bli nye sakkunnige i Breivik-saka, har tidlegare vurdert overgriparane i Alvdal-saka, parkeringshus-drapsmannen i Bergen og skytedesperadoen i Sandefjord.

Tørrisen, Høyersten og Aspaas

Psykiatrispesialistane Terje Tørrisen, Agnar Aspaas og Jon Geir Høyersten er truleg dei som vil få i oppdrag å vurdera den mentale helsa til Anders Behring Breivik, dersom retten ber om ein ny rapport.

Foto: Montasje / NRK

I morgon avgjer Oslo tingrett om dei ønskjer nye sakkunnige til å laga ein ny rettspsykiatrisk rapport om terrorsikta Anders Behring Breivik (32).

Det skal ha vore svært vanskeleg å finna aktuelle psykiatrar som ikkje allereie har kome med utsegn om Breivik i media, og som difor er inhabile.

Men ifølgje Aftenposten er påtalemakta og bistandsadvokatane i terrorsaka no samde om at tre spesialistar i psykiatri er aktuelle som nye sakkunnige:

  • Agnar Aspaas
  • Terje Tørrissen
  • Jon Geir Høyersten

Dei tre psykiatrane som kan få oppgåva med å gjera ei ny vurdering av sinnstilstanden til Anders Behring Breivik, har mange tunge saker på merittlistene sine.

Terje Tørrissen

Terje Tørrisen

AKTUELL: Terje Tørrissen.

Foto: SCANPIX/Morten Holm

Terje Tørrissen (52) kjem frå Hamar.

Han er spesialist i psykiatri og tidlegare overlege ved Sjukehuset Innlandet på Sanderud i Hedmark.

Han er ein erfaren rettspsykiatar som har gjort langt over 150 observasjonar dei siste ti åra. Tørrissen har blant anna jobba med den mykje omtala overgrepssaka i Alvdal, der dei to hovudtiltalte fekk 15 års fengsel for årelange seksuelle overgrep mot eigne og andre sine born.

I ein kronikk som stod på trykk i 2007, tek Tørrissen til orde for ei endring i lova om psykisk helsevern:

«Vi kan ikke opptre som politi og bruke psykisk helsevernloven for å beskytte samfunnet mot potensielle forbrytelser (...) Et annet prinsipp er å prøve å få til et «vendepunkt» for pasienten. Hjelp til på nytt å mestre livet er sentralt i behandlingsfilosofien», skreiv Tørrissen.

Tørrisen ønskjer ikkje å kommentera ei eventuell rolle som sakkunnig i Breivik-saka.

Agnar Aspaas

Agnar Aspaas

AKTUELL: Agnar Aspaas.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Agnar Aspaas (56) bur i Tønsberg.

Han har vore avdelingsoverlege på psykiatrisk avdeling ved Vestfold sentralsjukehus. Han har ti års fartstid som overlege i akuttpsykiatri og lang erfaring som sakkunnig rettspsykiatar.

Aspaas var blant anna sakkunnig i saka mot skytedesperadoen (64) som vart dømd til 17 års fengsel for drapsforsøk på fire personar i Badeparken i Sandefjord i januar 2011.

Aspaas og dei andre sakkunnige erklærte gjerningsmannen i Sandefjord som ikkje psykotisk og strafferettsleg tilrekneleg.

Aspaas seier til NRK at han vil vurdera å ta jobben som sakkunnig i Breivik-saka dersom retten ber han om det.

Jon Geir Høyersten

Jon Geir Høyersten

AKTUELL: Jon Geir Høyersten.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Jon Geir Høyersten (69) kjem frå Bærum.

Han er ein erfaren psykiatar og forskar ved kompetansesenter for tryggings- og rettspsykiatri ved Sandviken sjukehus i Bergen.

Han var blant anna sakkunnig rettspsykiatar i saka om Parkeringshusdrapet i Bergen, der Trond Ramsland blei dømd til 20 års fengsel for drapet på eks-kona si i eit p-hus.

I sakkunnig-rapporten slo rettspsykiatrane blant anna fast at Ramsland hadde alvorlege personlegdomsforstyrringar,sterke narsissistiske trekk og mangel på empati. Drapsmannen blei likevel ikkje vurdert som psykotisk i eit rettspsykiatrisk perspektiv og kunne difor dømmast til fengsel.

– Eg tykkjer det ville ha vore meiningsfullt, interessant og viktig å gjera det, seier Høyersten til bt.no om å eventuelt ta på seg oppdraget med å gjera ei ny vurdering av Breivik.

Breivik-rapport får kritikk

Den eksisterande sakkunnig-rapporten om Anders Behring Breivik var klar i slutten av november i fjor.

I den konkluderte dei sakkunnige rettspsykiatrane, Synne Sørheim og Torgeir Husby med at Breivik er paranoid schizofren og strafferettsleg utilrekneleg.

Rapporten har hausta krass kritikk frå fleire hald, ettersom den argumenterer for at Breivik er så sjuk at han ikkje kan sona i fengsel, men må få behandling ved eit psykiatrisk sjukehus.

AKTUELT NÅ