Hopp til innhold

Transkvinne hetsa – mann dømd etter Facebook-kommentarar

For første gong i Noreg er ein mann dømd for å ha hetsa ei transkvinne. – Eg ser på dette som hatretorikk, seier kvinna til NRK.

Collage transdom

FACEBOOK-DEBATT: Dette er ein av kommentarane mannen kom med til transkvinna.

Ho ønskjer å vere anonym, men står støtt i valet ho tok om å anmelde mannen ho krangla med på Facebook 24. mars i år.

– Dette er eit signal til folk at sånt ikkje er greitt, seier ho til NRK

Den 52 år gamle mannen frå bergensområdet skreiv ei rekkje nedsetjande kommentarar om hennar kjønnsidentitet, trass i at han visste at ho hadde skifta kjønn:

Mann på Facebook:Tror du virkelig at et eneste menneske tror du er et kvinnemenneske og ikke en gubbe med rare fantasier.
Mann på Facebook:Det sagt er det uforståelig for meg at myndighetene fremdeles tillater at du har omsorgsansvar for barn.
Mann på Facebook:Perverse mannegriser som permalaiver at de er småpiker har vel strengt tatt ingen injurierende kraft.

Positivt overraska

Kvinna, som bur i ein annan by enn mannen, er glad for at politiet og påtalemakta tok tak saka då ho melde det.

– Eg var positivt overraska over at politiet tok tak i dette, seier ho.

Dette er truleg den første dommen i Noreg etter at Straffelova blei innskjerpa i desember 2020.

Den nye bokstaven i paragraf 85 slår fast at det ikkje er lov å setje fram diskriminerande eller hatefulle ytringar på bakgrunn av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

– Det er ikkje så mykje praksis på dette enno, sa politiadvokat Camilla Moe til Bergens Tidende før dommen var klar.

Skal verne transpersonar

Formålet med lovendringa er å verne transpersonar og andre som har ein kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som bryt med «omgivelsenes forventningar», som det står i forarbeida til lova.

Det er også bakgrunnen for at tingretten fann mannen skuldig i å ha framsett hatytringar mot transkvinna i eit kommentarfelt på Facebook.

Kvinna fortel at det verste var når kommentarane blei skrivne.

– Han heldt fram under rettssaka, ikkje med same typen hets, men med feilkjønning. Feil pronomen og bruke feil namn på meg, seier ho til NRK.

Advokat Einar Råen.

Advokat Einar Råen skal vurdere om saka skal ankast til Gulating lagmannsrett.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Meiner han er uskuldig

Mannen som no er dømd, innrømmer at han skreiv kommentarane, men at dei må vere innanfor ytringsfridomen.

Dette er tingretten heilt usamd i og meiner at det må reagerast strengt mot slike ytringar.

– Dei krenker beskytta grupper av menneske og som i praksis fører til at dei som blir utsett for det avgrensar si deltaking i offentlege debattar, skriv retten.

Dei dømde mannen til fengsel på vilkår i 21 dagar og ei bot på 15.000 kroner. Mannen må også betale retten 3000 kroner i sakskostnader.

– Såre meg

NRK har vore i kontakt med mannen sin forsvar, Einar Råen. Han vil førebels ikkje uttale seg om dommen eller om dei har vurdert å anke avgjerda til lagmannsretten.

For den råka transkvinna er det ei stor lette at tingretten valde å dømme mannen for det han skreiv.

– Dei som kjenner meg er stort sett anstendige menneske. Det er veldig få gonger dette er ein greie. Men når nokon prøver å bruke dette mot meg for å såre meg, då er eg ganske kvikk med å slå fast at dette gidd eg ikkje.

AKTUELT NÅ