Like etter klokka 16 var det roleg på sentralbanestasjonen, inga knuffing eller noko slikt. Nye tider kom raskt opp for togavgangane som tidlegare stod som innstilte.
rundt om i landet i ettermiddag.
– God info-jobb
Heidi Nymoen var førebudd på streiken og la inn ein treningstime i programmet.
Foto: Su Thet Mon / NRKFolk vi møtte på Oslo S i ettermiddag støtta den politiske streiken, trass i at arbeidsnedlegginga skapte problem for dei. Dei fleste NRK har snakka med såg ut til å streiken med ro.
– Dei har gjort ein god jobb med å informere oss om streiken og forseinkingane denne gongen. Det er ikkje alltid NSB er like flinke til det, så det skal dei ha, seier Heidi Nyeggen til NRK.
Ho har førebudd seg på streiken ved å leggje inn ein time på treningsstudioet midt i pendlinga, slik at ho skulle gå sleppe kø og forseinkingar.
Svarar på spørsmål
NSB har hatt uniformerte tilsette som går rundt og svarar på spørsmål frå publikum. Det var ingen ledige seter i venteområda, og ein del unge menneske hadde sett seg ned i trappene eller på golvet medan dei venta på toga sine. Stemninga var roleg.
– Dette har gått veldig bra, seier konduktørleiar Finn Johansen i NSB.
Foto: Su Thet Mon / NRKIkkje alle hadde fått med seg at det var streik. Ingrid Handeland var oppteken med å sende ein SMS då vi snakka med henne.
– Eg prøver å varsle dottera mi på ni år som står ute og ventar på meg. Eg hadde ikkje fått med meg at det var streik, men det får eg berre leve med no, sa ho.
Toget hennar går berre to gongar i timen, og ho uttrykte håp om at ho fekk plass på det første toget.
Fulle tog
Toga som gjekk ut frå sentralbanestasjonen i ettermiddag var fullare enn normalt, men det var ikkje så mykje verre enn på ein normal ettermiddag. Konduktørleiar Finn Johansen seier at alt har gått veldig bra.
– Det har vore få forseinkingar utover det vi hadde rekna med på førehand, og det har vore få sure miner frå passasjerane, sa han til NRK ved 16.30-tida.
Han la til at dei hadde informert breitt om at det heile skuldast ein politisk streik, og at dei hadde førebudd seg godt.