I Italia åtvarar ekspertar om at vassmangelen vil påverke turismen i sommar. I Frankrike kan turistar komme til tomme symjebasseng.
Det er no ei tørkekrise fleire stader sør i Europa.
I deler av Sør-Frankrike er tørkekrisa så ille at det har blitt innført eit forbod mot sal av hagebasseng. I tillegg er det innført forbod mot å vaske bilen, vatne hagen og fylle vatn i allereie eksisterande basseng.
Tilsette i kommunen deler ut flasker med vatn til innbyggarar i det sørvestlege Frankrike. Fire landsbyar har ikkje tilgang til drikkevatn.
Foto: RAYMOND ROIG / AFPDet er venta ein dramatisk klimasommar i år.
Torsdag meldte amerikanske forskarar ved NOAA etaten at vêrfenomenet El Niño har starta. Konsekvensen vil vere ekstremvêr ein rekke stader i verda.
Sjølv om det er spådd raudt og tørt i sørspissen av Europa, er det framleis stor pågang av nordmenn som vil reise ut i sommar.
Anne Mørk-Løwengreen i reiseselskapet TUI fortel at nordmenn bestiller reiser på nivå med normalåret 2019. Dei føretrekte reisemåla er Spania og Hellas.
– Det er altså ingenting som tyder på bekymring for ei eventuell hetebølge, seier ho.
Eit tomt vassreservoaret i provinsen Girona i Catalonia, Spania.
Foto: JOSEP LAGO / AFPKan avbestille under ekstraordinære omstende
Viss du har bestilt tur i sommar og du kjem til høge temperaturar og tomme basseng kan det vere du har krav på erstatning.
– Heilt grunnleggjande har du rett til at reisa du har bestilt blir gjennomført som avtalt. Det betyr at flya og bussane skal gå som avtalt, at hotellrommet skal sjå ut som på bileta og at bassenga skal vere som angitt, fortel Thomas Iversen i Forbrukarrådet.
Thomas Iversen i forbrukarrådet.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKDet er likevel ikkje slik at alle forhold blir dekka. Vêr, vind eller stengde attraksjonar er ikkje noko du kan klage på.
– Det har vore hetebølgjer i Europa dei siste åra, noko som gjer at du tek ein viss risiko når du bestiller sommarferie til dei sørlege delane av Europa i dei varmaste sommarmånadene.
Folk kjøler seg ned i ei fontene i Paris under fjorårets hetebølge.
Foto: STEFANO RELLANDINI / AFPDersom du bestiller pakkereise kan du ha krav på avbestilling dersom det skjer ekstraordinære omstende:
– Det er neppe slik at høg temperatur åleine gir grunnlag for gratis avbestilling, men omfattande skogbrannar, ekstremtørke eller at land stengjer ned kan utløyse retten til gratis avbestilling, fortel Iversen.
Dersom du kjem til eit hotell i Frankrike og bassenget er tomt er det fransk lov som gjeld:
– Viss fasilitetane på hotellet ikkje er som avtalt må du rette eit krav mot hotellet direkte. For eit hotell i Frankrike vil det vere fransk rett som gjeld.
Anne Løwengreen i TUI fortel at eit slikt tilfelle må bli behandla av reklamasjonsavdelinga, og at kvar sak vil bli vurdert på eige grunnlag.
– Varme i Sør-Europa er noko ein må forvente
For at noko skal bli dekt av forsikring må ein ha ein god grunn. Dette må vere ei akutt eller uventa hending.
– Varme i Sør-Europa er noko ein må forvente når ein bestiller reise, fortel Andreas Handeland i forsikringsselskapet IF.
Andreas Handeland i forsikringsselskapet IF.
Foto: IF– Ein forsikrar seg mot dei tinga som er lista opp i vilkåra. Typiske ting er akutt og uventa sjukdom, forseinkingar, avbestillingskostnadar viss du blir sjuk, legg han til.
Sjølv om legen din fortel at du må halde deg unna varme temperaturar, blir ikkje dette rekna som sjukdom. Dette vil derfor ikkje bli dekt av forsikring.
–Men viss du blir akutt sjuk på grunn av varmen då kan du ha krav på å få dekt utgifter til medisinsk behandling, fortel Handeland.
Frivillige deler ut vatn til turistar i Roma under hetebølga i 2021.
Foto: Cecilia Fabiano / AP– Å ikkje ville reise fordi det lukter litt svidd i området er ingen god grunn, avsluttar Handeland.