Grunnlaget for tiltalen er at 61-åringen i perioden 1. november 2017 til januar 2018, i Bærum og andre stader, forsøkte å få Kjell Inge Røkke til å betale eit tosifra millionbeløp ved å true med å offentleggjere ufordelaktige opplysningar om han.
Tiltalen er basert på paragraf 331 og 330 i straffelova om å skaffe seg eller andre ei urettmessig vinning ved hjelp av truslar. Det heiter i sakspapira at utpressinga er grov, fordi det blir lagt vekt på at summen det er snakk om er stor.
– Nøye planlagt
Det blir også lagt vekt på at trusselsituasjonen var nøye planlagt, at Røkke er påført store påkjenningar og at det har gått føre seg over lang tid.
Den 61 år gamle mannen er også tiltalt for brot på våpenlova. Ifølgje tiltalen skal han ha eigd eller hatt elektrosjokkvåpen, peparspray og andre sjølvforsvarsvåpen med tilsvarande verknad.
Det er sett av tre dagar til saka mot 61-åringen frå 6. til 8. februar 2019.
31. januar i år vart Jan Erik Iversen
for å sett fram truslar mot Røkke. Han fekk brev- og besøksforbod for heile perioden, og han vart halden i isolasjon dei to første vekene. Han vart sitjande i varetekt til slutten av februar.Forsvararen til Iversen, Benedict de Vibe, seier at klienten hans er overraska over tiltalen, men at når tiltalen først er teken ut, så gler han seg til at saka kjem opp.
– Då skal heile historia om dei to fram i lyset, og det er ei historie som går langt tilbake. Det blir ein bevisførsel der mange personar vil bli kalla inn, også tidlegare forsvararar som er fritekne for teieplikta, seier de Vibe til NRK.
Han seier at det blir ein omfattande bevisførsel med mange vitne.
Advokaten til Kjell Inge Røkke, John Christian Elden, seier til NRK i kveld at dei tek tiltalen til etterretning.
Iversen har heile tida nekta for å ha gjort noko straffbart. Benedict de Vibe sa tidlegare i år at han ikkje hadde høyrt noko om at det var sett fram truslar, men at pengar har vore eit tema mellom Iversen og Røkke.
– Ubehagelege situasjonar
Han sa også at kontakten mellom Iversen og Røkke starta så tidleg som i 2001 i samband med den såkalla båtsertifikat-saka.
Etter det NRK har fått opplyst skal Røkke har forklart politiet om fleire ubehagelege situasjonar med Iversen. Torpedoen skal blant anna ha møtt opp fysisk i garasjeanlegget ved hovudkvarteret til Aker på Aker Brygge, og at han ved minst eitt tilfelle skal ha prøvd å sperre bilen til Røkke med sin eigen bil.
Det skal også ha kome truslar via E-post, telefon og SMS. Iversen skal ha kravd pengane fordi han meiner at Røkke har sverte hans gode namn og rykte.