Hopp til innhold

Tony Blair forklarar seg om Irak

Kl. 10.30 skal Tony Blair forklare seg om kva som førde til at Storbritannia og USA invaderte Irak i 2003. Du kan følgje Blair direkte på NRK.no

Tidlegare statsminister i Storbritannia, Tony Blair.

Tony Blair forklarar seg for ein undersøkingskommisjon i London i dag.

Foto: Martin Bureau / Scanpix/AFP

DIREKTE FRÅ 10:25: Tony Blair om Irak-krigen

Han må blant anna svare på spørsmål om han forfalska etterretningsmateriale og braut folkeretten.

Blair skal forklare seg for ein undersøkingskommisjon som granskar den britiske deltakinga i invasjonen av Irak. Han blir sett på som sjølve stjernevitnet i granskinga, som blir leidd av den tidlegare toppembetsmannen John Chilot.

Fleire sentrale britiske tenestemenn og medlemer av den britiske regjeringa har alt forklart seg.

Det er håp om at arbeidet til undersøkingskommisjonen skal avklare sentrale spørsmål om etterretningrunnlaget for avgjerda om å invaderte Irak, og om krigen var lovleg.

Storbritannia og Tony Blair var eitt av dei få landa som aktivt deltok i invasjonen av Irak saman med USA og George W. Bush.

USA og Storbritannia oppgav som årsak til invasjonen at Irak var ein trussel, fordi landet hadde masseøydeleggingsvåpen, og at dette var i strid med FN-resolusjonar.

Men det var ingen FN-resolusjon som klart godkjende militær aksjon mot Irak, og argumenta for at krigen var ulovleg vart styrkte av at korkje britiske eller amerikanske styrkar greidde å finne masseøydeleggingsvåpen i Irak.

LES OGSÅ: Blair skal grilles om Irak fredag

LES OGSÅ: - Britisk Irak-operasjon ikke mulig uten meg

LES OGSÅ: - Britisk Irak-operasjon ikke mulig uten meg

LES OGSÅ: - Blair ville ha fredelig løsning

LES OGSÅ: - Blair løy om hemmelig brev

LES OGSÅ: Britisk gransking av Irak-krigen

LES OGSÅ: - Vil finne den fulle og hele sannhet

AKTUELT NÅ