Tok med seg 25.000 til Utøya for å bestikka folk

Anders Behring Breivik tømde fleire kredittkort for pengar i tida før terrordagen. Den 22.juli tok han med seg 25.000 kroner for å kunne bestikka folk.

ABB minibank BRUK

NETT-TV: Breivik vart fanga opp av flere overvåkingskamera då han tok ut store pengebeløp før 22. juli.

Politiet har sikra seg bilete frå fleire minibankar som viser korleis Anders Behring Breivik fekk ut pengar frå kredittkort i vekene før ugjerninga.

Etter det NRK kjenner til har den terrorsikta 32-åringen i avhøyr fortalt at han hadde om lag 25.000 kroner med seg då han reiste heimefrå terrordagen.

ABB_gutterommet2_BRUK

Pengebeslag frå guterommet til Anders Behring Breivik etter 22.juli.

Pengane tok han med seg i tilfelle han måtte bestikka nokon i løpet av «operasjonen». Det ville iallefall ikkje skada, har den sikta forklart til politiet.

Ti kredittkort

I det såkalla manifestet sitt skriv Breivik sjølv at han brukte langt meir ressursar enn planlagt i løpet av skrivefasen, og at han var i pengetrøbbel lenge før han kom i gang med førebuinga og gjennomføringa av terroråtaka.

I mars 2010 begynte han å selja gjenstandar «frå sitt tidlegare liv» for å skaffa seg kapital. Han selde blant anna eit kostbart servise, ei Breitling-klokke og ein penn. Men i april 2011 tok pengane slutt, heiter det i dagboka i manifestet.

Etter at han flytta frå bustaden til mor si på Skøyen i Oslo, var det blant anna leigeutgiftene til Åsta gard på Rena som gjorde store innhogg i den allereie skrantande økonomien.

Han måtte difor tømma ti kredittkort for maksbeløpet i fleire veker for å kunne gjennomføra planen sin, skriv Breivik sjølv. I alt tok han ut rundt 240.000 kroner ved hjelp av kredittkorta.

«Eg bestemte meg for at det einaste alternativet var aggressive uttak frå alle ti kredittkorta (..) noko som gjorde at eg fekk hovudet over vatnet fram til midten av juli», skriv Breivik i det såkalla manifestet.

ABB_minibankmontasje_BRUK

Her er Anders Behring Breivik fanga opp av overvakingskamera i ulike bankar kort tid før 22.juli. 25.000 kroner tok han med seg til Utøya for å bestikka folk.

– Gjeldsregister kunne hindra Breivik

Politiet har stadfesta at økonomien til Breivik har vore ein sentral del av etterforskinga.

Den frivillige organisasjonen Gjeldsoffer-Alliansen har tidlegare kritisert styresmaktene for at det ikkje finst eit gjeldsregister i Noreg.

– Eit gjeldsregister med fortløpande oppdatering kunne ha hindra ugjerningsmannen frå å fullføra planane sine, ved at han ville blitt nekta så mange forbrukslån og kredittkort, sa Bengt Scheldt i Gjeldsoffer-Alliansen til VG i august i fjor.

Breivik hevdar å ha brukt 2,4 millionar kroner dei siste åra. Ifølgje skattelistene hadde Breivik null i inntekt i 2009 og 1.236 kroner i inntekt i 2010.
Formua hans fall frå 390.171 kroner i 2009 til 72.501 kroner året etter.

Han betalte null kroner i skatt begge åra.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger