NRK Meny
Normal

Togstrekningar stengde på grunn av uver

Østfoldbanen, Gjøvikbanen og Kongsvingerbanen er stengt på grunn av vind og tre som har falle, opplyser Bane Nor

Tre tatt av vinden

Tre har blitt tekne av vinden, og lagt seg over både vegar og toglinjer. No må fleire strekningar stenge på grunn av vinden.

Foto: Freddie Larsen

Fredag ettermiddag har det varsla uveret på Austlandet treft land. Det har ført til sterk vind og mange tre som har velta over både vegar og toglinjer. Bane Nor opplyser no at Kongsvingerbanen er stengt mellom Lillestrøm og Kongsvinger, Gjøvikbanen mellom Roa og Gjøvik og Østfoldbanen mellom Sarpsborg og Ed i Sverige.

Laster Twitter-innhold

Meteorologisk institutt nedjusterte tidlegare i dag farevarslet. Men det er framleis varsla sterk vind. Det har ført til at Color Line og Fjordline har innstilt fleire ferjeavgangar mellom Noreg, Sverige og Danmark.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger