Hopp til innhold

Togstreik over hele Austlandet i dag

Togtilsette er skuffa over regjeringas plan for jernbana. Derfor var det full stans for alle toga på Austlandet mellom klokka 11 og 13, noko som er venta at vil skape forseinkingar.

Tog på Oslo S.

Mellom klokka 11 og 13 gjekk ingen tog på Austlandet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Regjeringa spring frå løfta sine i Hurdalsplattforma. I staden for å samle jernbana, vidarefører dei høgresidas jernbanepolitikk med endå meir oppsplitting.

Det skriv Norsk Jernbaneforbund i ei pressemelding. Saman med Norsk Lokomotivmannsforbund (NLF) held dei politisk streik, og ingen tog vil gå på Austlandet tysdag frå klokka 11 til 13.

Dette gjeld også Gjøvikbanen og Bergensbana mellom Oslo og Hønefoss, opplyser Vy. Flytoget vil heller ikkje gå til Oslo lufthamn.

I tillegg stoppar fjerntoga til Go-Ahead, SJ og Vy på strekningane Kongsberg-Oslo, Lillehammer-Oslo og Hønefoss-Oslo.

– Som følge av streiken blir det dessverre forseinkingar og innstilte avgangar også i ein periode etter at streiken er avslutta, skriv Bane Nor.

Togstreik over hele Østlandet tirsdag

Fleire av dei streikande er på Jernbanetorget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Vy skriv at toga vil stoppe på nærmaste stasjon innan klokka 11. Det blir ikkje sett inn buss for tog under streiken.

Går imot konkurranseregime

Forbunda er ikkje fornøgde med det regjeringa vil gjere med jernbana på Austlandet.

Regjeringa har valt å avlyse den planlagde anbodskonkurransen. Likevel skal togtilbodet på Austlandet bli tildelt gjennom det forbundet kallar ein konkurranseregime, skriv NTB.

Rolf Ringdal på Oslo S.

Rolf Ringdal forbundsleiar i Norsk Lokomotivmannsforbund er på Oslo S medan toga står.

Foto: Terje Pedersen / NTB

No krev dei at regjeringa jobbar for «ei samla jernbane, ikkje ei stykkevis og delt».

– 15 år med oppsplitting, privatisering og konkurranseutsetting har ført til mindre fleksibilitet, auka kostnadar og for mange ein dårlegare kundeservice, skriv Norsk Jernbaneforbund.

Forbundsleiar i NLF, Rolf Ringdal, seier dei er vitne til at oppsplittinga av togtrafikken held fram.

– Trass i at vi i heile valkampen, og i etterkant av stortingsvalet har snakka om viktigheita av at jernbana blir styrt og organisert som ein heilskap.

To streikande togtilsette held oppe plakatar av samferdselsministen, der det står Togrøver, og "ikkje del opp jernbana".

Togtilsette meiner høgrepolitikken har fått halde fram i dagens regjering.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Moxnes: – Regjeringa lyttar ikkje

Venstres Ola Elvestuen kallar streiken for «meiningslaus».

– I ei tid der vi treng fleire reisande med tog, brukar fagforeiningane krefter på gjere det vanskelegare for folk å faktisk reise med toget.

Elvestuen er heller ikkje einig i at konkurranseutsetting fører til eit dårlegare togtilbod.

– Dette er berre for å plage folk for å markere motstand mot ein politikk som beviseleg har frigjort store pengebeløp til eit betre togtilbod.

Togstreik over hele Østlandet tirsdag.

Alle tog står på Oslo S mellom 11 og 13. Det kan føre til forseinkingar utover dagen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner derimot denne streiken viser at regjeringa ikkje lyttar til dei som køyrer toga.

– Viss ingenting blir gjort no, kan dei borgarlege rulle inn igjen seinare og halde fram med å stykke opp norsk jernbane, som om ingenting har skjedd.

– Det har ikkje blitt eit betre tilbod eller billigare billettar av konkurransen. Det er berre blitt fleire selskap og fleire direktørar, legg han til.

Inngår avtalar med statlege selskap

Jernbanedirektoratet skal inngå avtalar med anten Vy eller Flytoget. Begge er statlege eigde selskap.

Dei har delt opp togtilbodet i to ulike avtalar. Direktoratet skal forhandle med Vy om Austlandet 1, mens dei ikkje har bestemt seg for Austlandet 2, skriv NTB.

I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at dei seier nei til konkurranseutsetjing, oppsplitting og privatisering av jernbana.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap)

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier dei har stansa konkurranseutsettinga. Det er ikkje fagforeiningane einige i.

Foto: Heiko Junge / NTB

NLF meiner dei gjer det stikk motsette når dei gir direktorata høve til forhandle med to statlege selskap.

– Denne streiken handlar om at heile dette sirkuset med oppsplitting, konkurranseutsetjing og privatisering må bli stansa, og at Noreg skal få ei effektiv jernbane til det beste for passasjerane og dei tilsette, seier Ringdal.

– Ikkje riktig verktøy

Statssekretær Johan Vasara (Ap) i Samferdselsdepartementet er ikkje einig i premissen om at det er den førre regjeringa sin politikk som blir vidareført.

– Utgangspunktet i fjor haust var at store delar av verda fritt kunne konkurrere om togdrift på Austlandet. Det har vi stansa. Det vi no går til forhandlingar om er om ein eller to statseigde selskap skal drifte persontog på Austlandet, seier Vasara.

– Det har nokre klare fordelar å kunne forhandle med to statseigde selskap om å oppnå eit best mogleg togtilbod for dei reisande. Det handlar om økonomi, og om å dra det beste ut av selskapa.

Ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) peikar på fleire manglar ved dagens jernbane. Dei konkluderer med at kapasiteten på Austlandet er avgrensa og at infrastrukturen held for låg standard og er skuld i forseinkingar.

Les også Veg og jernbane vil ta én million kvadratmeter med matjord i året

E6-utbygging Bergshøgda i Hedmark

AKTUELT NÅ