Hopp til innhold

Tog køyrde i hel 59 rein i Nordland

59 rein vart påkøyrde av toget like sør for Mosjøen i dag. Hittil denne sesongen er 150 rein påkøyrde i dette området.

Reinpåkjørsel 29.04.2012
Foto: Ole Henrik Kappfjell

Torstein Appfjel, leiar av det lokale reinbeitedistriktet, seier at ulukka i dag kan vere ei av dei største dyreulukkene i Nordland nokon gong.

I mai skal samferdsleministeren møte Sametinget for å diskutere problemet.

– Vi treng hjelp. Det er enno fleire rein som skal austover, og faren for at dette skjer igjen er stor, seier Appfjell.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger