Hopp til innhold

To personar er funne omkomne etter husbrannen i Lier

Ei kvinne og ein mann i 20-åra er frakta til sjukehus og legevakt etter at dei hoppa ut av eit brennande hus i Lier utanfor Drammen. To andre personar er funne omkomne i det same huset.

To personer er funnet omkommet etter husbrannen i Lier i Buskerud.

To personar er funnet omkomme etter husbrannen i Lier i Buskerud.

Klokka 04.05 var brannvesenet inne med røykdykkarar i den eine av dei tre bustadane som i natt stod i brann i Lier kommune i Buskerud.

– Dessverre er to personar funne omkomne, seier operasjonsleiar Espen Reite i Sør-øst politidistrikt til NRK.

Pårørande er varsla og vert teken vare på av kriseteamet til kommunen. Politiet etterforskar kva som er årsaka til brannane i natt.

Det er ikkje opplysningar om at ytterlegare personar er sakna.

– Dette er ei veldig alvorleg sak der me har to omkomne personar som ikkje er identifiserte. Det er tidleg i etterforskinga, og politiet har starta ei brei etterforsking. Me vil undersøke staden og gjere avhøyr av vitne, seier Magnus Rindal Fredriksen, politiadvokat i Sør-Øst politidistrikt.

– Mistenker de at brannen er påsett?

– Me arbeider ut frå ulike hypotesar kor det at det er ein påsett brann er ei av hypotesane. Det er tidleg i etterforskinga av ei alvorleg hending og då er det viktig å gå breitt ut. Krimteknikarane har ikkje vore på staden ennå fordi det føregår ennå ettersløkking, seier Fredriksen.

Han trur at det vil ta lang tid å finna ut kva som var årsaka til brannen. Husa har fått stor skader, noko som gjer det vanskeleg å ta kriminaltekniske undersøkingar.
Politiet ber derfor om tips frå publikum.

– Dersom det er nokon som har sett eller høyrt noko unormalt i området i tidsrommet frå før midnatt og fram til ca. kl. 00.38 er vi sjølvsagt interessert i denne informasjonen, seier Fredriksen.

Brann Lierstranda

Slik ser det ut på brannstaden sundag føremiddag. Brannvesenet vil halde fram med ettersløkking gjennom dagen.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

Kraftig brann

Første melding til naudetatane om brann i ein bustad kom klokka 00.38. Etter kvart spreidde brannen seg til to nabohus. Ni andre nabohus blei evakuerte.

Det brann kraftig og flammane stod gjennom taket på eit av husa. Det var også mykje gneistar frå flammane.

Det var lenge stor spreiingsfare på staden, men i 4.30-tida melde politiet på Twitter at spreiingsfaren var over.

Brann i Lier

To av husa på staden var overtente.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Dei to som er funne omkomne skal ha vore i andre etasje i huset kor brannen byrja. Brannvesenet kom seg lenge ikkje opp i andre etasje grunna overtenning på huset, ifølgje NTB.

Huset er ein tomannsbustad kor ein familie budde i fyrste etasje og ein annan i annan etasje. Totalt åtte personar er registrert som bebuarar på adressa.

Ei kvinne og ei mann i 20-åra klarte å redde seg ut av andre etasje etter at dei hoppa ut av eit vindauge. Kvinna skal ha brotskadar i eit bein, mens mannen skal vore fysisk uskadd. Kvinna er frakta til Drammen sjukehus, mens mannen vart sendt til legevakta.

Husbrann i Lier
Foto: Vegard M. Aas / Presse 3.0

Over 40 evakuerte

Lier kommune opplyser til NRK om at dei har oppretta kriseteam etter brannen, og at 40 bebuarar på Lierstranda er evakuerte. Kommunens psykososiale kriseteam gjev støtte til pårørande og dei evakuerte. Dei evakuerte har søndag ettermiddag fått komma heim til bustadene sine igjen.

– Dette er ei tragisk hending, og me tenker på alle som er råka. Vårt viktigaste fokus no er å gi hjelp til dei som treng det, seier ordførar Gunn Cecilie Ringdal i Lier kommune.

Ho opplyser vidare at kommunen no vil hjelpe til med å finne midlertidig bustad til dei som ikkje har ein heim å vende tilbake til i dag. Krisestaben vil i morgon gå i dialog med forsikrings- og eigedomsselskap, og midlertidige bustader vil vere på plass om eit par dagar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger