Hopp til innhold

To jenter funne døde i Spydeberg – sikta mann blir varetektsfengsla i fire veker

Tvillingane Mille Andrea og Mina Alexandra Hjalmarsen (16) blei funne omkomne natt til søndag. Mannen som er sikta i saka blir varetektsfengsla i fire veker.

Mina Alexandra og Mille Andrea Hjalmarsen (16)

OMKOMNE: Mille Andrea (16) og Mina Alexandra Hjalmarsen (16) blei funne døde på ein adresse i Spydeberg natt til søndag.

Foto: Privat

Natt til søndag blei to jenter funne døde i ei privat adresse i Spydeberg i Østfold.

Politiet har frigitt namna etter ønske frå dei pårørande.

Politi, ambulanse og legebil rykka ut til adressa der dei to jentene hadde inntatt ein mogleg overdose av narkotika.

Både Mina Alexandra og Mille Andrea Hjalmarsen blei konstatert døde på staden.

To personar er førebels sikta i saka. Ein mann i 20-åra blir varetektsfengsla i fire veker, og ein annan er sikta for sal av narkotika til jentene.

Politiet har ingen kommentarar til kva stoff jentene kan ha fått i seg.

– Det vil etterforskinga etter kvart kunne gje svar på, fortel politistasjonssjef i Indre Østfold, Olav Unnestad.

Spydeberg zoomet inn

Politiet rykka ut til staden saman med ambulanse.

Foto: Freddie Larsen

Han stadfestar overfor NRK at dei to søstrene var meldt sakna frå det lokale behandlingssenteret Fossumkollektivet.

– Dei var melde sakna frå denne i relativt kort tid i førevegen av saka som oppstod i Spydeberg, opplyser Unnestad.

Søstrene hadde begge tiltak gjennom barnevernet.

Fossumkollektivet seier til NRK at dei har registrert at fleire medium har skrive at dei omkomne jentene i Spydeberg var til behandling hos dei.

– Me kan ikkje kommentera desse opplysningane per på. Me vil samstundes uttrykka vår sterkaste medkjensle overfor dei næraste pårørande og andre råka av denne tragedien.

Barnevernet granskar

Ingrid Pelin Berg, regiondirektør i Bufetat region øst, skriv i ein e-post til NRK at dei no går gjennom hendingsgangen.

– Slike granskingar vil avdekke om og kvar det kan ha vore svikt, seier ho.

TV 2 omtala granskinga først.

Ifølge politiet var jentene melde sakna i omtrent eit døgn før dei vart funne døde på ein privatadresse nokre kilometer frå institusjonen, skriv TV 2.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier til kanalen at ho er opptatt av å få klarheit i kva som har skjedd og korleis det kunne skje.

– Dette er djupt tragisk og alvorleg, og mi medkjensle går til ungdommane sine næraste og familien, seier Toppe til TV 2.

Les også Lokalmiljøet i sorg: – Det føles helt meningsløst

Tilsette i Indre Østfold barnevern får tilbod om oppfølging frå FO Viken, skriv LOs fagblad Fontene.

– Det er viktig at dei får god debrifing av fagfolk, seier FO-leiar i Viken, Ingunn Strand Johansen.

Psykisk utviklingshemma

Ein mann i 20-åra blei pågripen på adressa. Han blei først sikta for å ha latt søstrene vere i hjelpelaus tilstand, men er no sikta for aktlaust drap.

Måndag blei han framstilt for varetektsfengsling i Follo og Nordre Østfold tingrett i Ski klokka 13. Møtet vart heldt bak lukka dører av omsyn til etterforskinga.

Der vart det klart at han blir varetektsfengsla i fire veker.

Follo og Nordre Østfold tingrett

Follo og Nordre Østfold tingrett

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Mannen er tidlegare kjend for politiet. Etter det NRK får opplyst er han straffedømd fleire gonger, for mellom anna vald og narkotikaregelbrot.

I 2017 vart han dømt for knivtruslar mot begge sine foreldre. I forbindelse med saka vart mannen vurdert som «lettare psykisk utviklingshemma».

På det grunnlaget vart det bestemt at mannens skyldevne blei redusert.

Den siste dommen vart avsagt sommaren 2021. Her skal mannen i 20-åra, i lag med ein annan, ha gått til angrep på ein rusmisbrukar utanfor eit sprøyterom i Oslo sentrum.

I retten forklarte mannen i 20-åra at offeret skylde han pengar. Han skulda valdsofferet for å ha stole rivotril-tablettar frå han for fem år sidan.

20-åringen har tidlegare forklart i retten at han byrja å ruse seg i 12-årsalderen, og at han har hatt fleire opphald på institusjonar. Dette kjem fram i ein dom frå 2012, etter han vart tatt for køyring i ruspåverka tilstand.

Erkjenner ikkje straffskuld

Sikta erkjenner ikkje straffskuld.

– Han samtykker ikkje til varetektsfengsling og meiner han ikkje har gjort noko gale, seier mannens forsvarar Knut Ditlev-Simonsen til NRK måndag.

Mann med skjorte og slips foran tingretten i Ski

Forsvarar Knut Ditlev-Simonsen.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

– Vi ventar på ei grunngiving frå politiet på kvifor dei meiner det er grunnlag for å varetektsfengsla han. Vi får ta det derifrå, legg forsvararen til.

Forsvararen har bekrefta at han har hatt eit langvarig rusproblem, og seier at den sikta har det tungt og vanskeleg.

– Han er veldig lei seg og nedbroten, seier han.

Etter det politiet veit, er det ingen relasjon mellom dei to jentene og mannen som er sikta.

Sikta for narotikasal

Ein annan ung mann er også pågripen i saka for sal av narkotika til dei to 16-åringane. Han blir førebels ikkje framstilt for varetektsfengsling.

– Han er i avhøyr no og vi vil ta stilling til kva som skal skje med han etter avhøyr, sa politiadvokat Granerud tidlegare måndag.

Forsvararen til den unge mannen, Haakon Åsli Skogstad, seier til NRK at mannen ikkje erkjenner straffskuld.

– Han er ikkje sikta for på nokon måte å ha forårsaka dødsfalla. Det er viktig å presisera, seier Skogstad.

Går ut med bilde av jentene

– Foreldra ville vise at Mina og Mille var to flotte jenter som ikkje fortente ein slik skjebne, seier Inger Marie Støen, som er bistandsadvokat for foreldra til tvillingsøstrene til TV 2.

Mina Alexandra og Mille Andrea Hjalmarsen (16)

OMKOMNE: Mille Andrea (16) og Mina Alexandra Hjalmarsen (16) blei funne døde på ein adresse i Spydeberg natt til søndag.

Foto: Privat

Familien gjekk måndag ut med bilde av dei to.

Bildet er tatt på julaftan for to veker sidan. Bistandsadvokaten seier til TV 2 at foreldra har det forferdeleg vanskeleg.

Hadde tiltak gjennom barnevernet

Bufetat har bekrefta at dei to jentene hadde tiltak gjennom barnevernet.

– Vi har djup medkjensle med foreldra til ungdommane og alle andre pårørande som no opplever eit stort tap og er i sorg. Alle som jobbar i barnevernet bli sterkt råka når det skjer slike svært tragiske hendingar, sa regiondirektør Ingrid Pelin Berg til NRK søndag.

Bufetat seier til NRK måndag at dei ikkje vil kommentera saka utover det som blei sagt søndag. Dei seier saka er under etterforsking og at dei må halda seg til teieplikta.

Krimteknikere

Krimteknikarar på plass i Spydeberg.

Foto: Freddie Larsen

Ei tredje jente i tenåra blei også funnen på adressa.

Ho blei køyrd til sjukehus for behandling med mistanke om mogleg overdose. Ho har vore i avhøyr.

Politiet kjenner ikkje helsetilstanden hennar.

Stasjonssjef erkjenner utfordringar

– Vi erkjenner at vi på lik linje med andre stader i Noreg har utfordringar knytt til bruk av narkotika blant unge. Kanskje særleg det at bruken av narkotika har blitt ufarleggjort blant unge, fortel stasjonssjef Unnestad.

Mann i politiuniform på et kontor

Stasjonssjef Olav Unnestad fortel at dei vil gjera sitt beste for at slike tragiske hendingar ikkje skal skje igjen.

Foto: Lars Håkon Pedersen/NRK

Han fortel at politiet lenge har forsøkt å arbeide førebyggjande.

– Vi har problematikken høgt oppe på prioriteringslista. Det hadde vi sjølvsagt også i forkant av denne saka.

– Ei tragisk hending

– Det er ei tragisk hending, og tankane mine er hos dei nærmaste og familien, seier ordførar Eli Wathne (H) i Kongsvinger kommune.

Jentene har tidlegare budd i Kongsvinger.

Eli Wathne, ordfører i Kongsvinger (H)

Eli Wathne, ordførar i Kongsvinger (H).

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Wathne opplyser om at kommunen har oppretta eit psykososialt kriseteam for å hjelpe familien, og at det er sett i gang tiltak på skulane i Kongsvinger. Helsesjukepleiarar er tilgjengelege på skulane for dei som måtte trenge dette.

– Vi prøver å følge opp dei nærmaste på ein god måte, seier Wathne.

Synnøve Rambek direktør for oppvekst i Indre Østfold kommune seier at kommunen deira er sterkt prega.

– Vi har ingen barn og ingen unge å miste, seier ho.

Ho fortel at det som no er viktig er at ungdommane i kommunen får moglegheit til å snakka med kvarandre, men også med vaksne om det som er skjedd.

– Difor tenkjer vi at oppstarten på dagen, særleg på ungdomsskulen blir litt annleis, legg ho til.

Krimteknikere Spydeberg

Tre jenter, alle under 18 år blei funne på ei adresse i Spydeberg.

Foto: Freddie Larsen

Oppvekstsjefen seier at ungdomskontaktar og helsesjukepleiarar vil vera til stades på alle ungdomsskulane og dei vidaregåande skular.

I Askim har dei også ein helsestasjon for ungdom som opna søndag ettermiddag. Der er også ope måndag.

Statsforvalteren undersøker saka

Statsforvalteren i Oslo og Viken seier til NRK at dei er kjende med saka, og at dei no skaffar seg ei oversikt og gjere nødvendige undersøkingar.

– Saka får høg prioritet hos oss, men det er for tidleg å seie kor lang tid vi vil trenge til å vurdere saka, skriv Liv Asta Ødegaard, kommunikasjonssjef hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken i ein e-post til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger