Hopp til innhold

Mor og son funne døde i Øvre Eiker

Ei kvinne i 30-åra og hennar sju år gamle son vart seint laurdag kveld funne døde i ei hytte i Øvre Eiker kommune. To andre, kvinna si dotter på ni år og ein mann i 20-åra er alvorleg skadde.

To personar funne døde i hytte
Foto: Vegard M. Aas / Presse30.no

– Det er for tidleg å slå fast kva som har skjedd, men det dreier seg truleg om ei gassulukke, fortel Arild Ølberg ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Like før klokka 23.25 fekk politiet beskjed om at det var funne to døde og to hardt skadde i ei hytte utanfor Hokksund i Øvre Eiker kommune. Politi, brannvesen og ambulanse vart umiddelbart sendt til staden, deriblant to luftambulansar.

Dei omkomne skal vere ein sju år gammal gut og ei kvinne i 30-åra. Ei ni år gammal jente og ein mann i 20-åra er skadde. Kvinna er mor til dei to borna, ifølgje politiet.

Livstrugande skadd

Mannen i 20-åra og den ni år gamle jenta er begge til intensivbehandling med livstrugande skader etter gassforgiftning, opplyser Oslo Universitetssjukehus til NTB søndag morgon.

– Ein vart sendt til sjukehus med luftambulanse, medan den andre vart frakta til sjukehus med ambulanse. Dei var medvitslause når dei vart sendt til sjukehus, fortel Ølberg.

Politiet vart varsla av ein person med tilknyting til familien, som reiste opp til hytta då det ikkje var mogleg å få kontakt med familien, ifølgje NTB.

Alt tyder på at det dreier seg om ei ulukke, og hytta er no sperra av og vil bli undersøkt nøye søndag morgon.

Dei to omkomne blei frakta ut av hytta ved 2-tida og vil bli obdusert på Rikshospitalet måndag.

To døde og to skadd på hytte i Øvre Eiker
Foto: Vegard M. Aas / Presse30.no

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger