Mange har allereie bestilt ferietur til sommaren – og endå fleire er kanskje inne på tanken i desse dagar.
Sjølv om Noreg har gått vekk frå å krevje gyldig EU-sertifikat ved innreise, er det framleis mange land som gjer det.
Om ein for eksempel skal reise til Hellas, må alle reisande over fem år vise gyldig koronasertifikat. Om ein ikkje er vaksinert med to dosar, må ein ha tatt ein PCR-test 72 timar før avreise.
I Spania og Frankrike gjeld reglane for alle over 12 år. Fleire land krev også gyldig sertifikat ved inngang til for eksempel museum og restaurantar.
Mange lengtar til varmare strøk etter over to år med pandemi og lite reising.
Foto: ENRIQUE CALVO / ReutersDå Tim Sebastian Jerman Tenvik (8) i helga testa positivt på ein sjølvtest, tenkte foreldra at det var best å få dokumentert smitten. Det gir nemleg gyldig koronasertifikat i 180 dagar.
– Vi ville ta ein PCR-test for å få det inn i koronasertifikatet, i tilfelle vi skal reise i sommar til land som krev at barn har negativ test, seier mora Helen Tenvik.
Tim ventar på å bli testa for korona på ein teststasjon.
Foto: PrivatDette bør du tenke på om du skal ut og reise med barna framover:
FHI anbefaler ikkje at alle barn tar koronavaksinen
Frå januar av er det opna opp for at alle mellom 5 og 15 år kan ta to dosar vaksine viss dei og foreldra ønsker det. Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler berre at dei med alvorleg grunnsjukdom får to dosar.
– Det er først og fremst fordi det er veldig sjeldan barn blir alvorleg sjuke, dei har eigentleg ikkje så stort behov for å få vern gjennom vaksinen, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege og leiar av barnevaksinasjonsprogrammet ved FHI.
Ifølge Folkehelseinstituttets (FHI) vekerapport er det under 200 barn mellom 5 og 11 år som har fått to dosar. Dette talet kan auke når tidsintervallet på 8 til 12 veker har gått mellom dose ein og to.
– Truleg vil dei fleste som har fått første dose, også ta andre dose, men det ser vi først om ei stund når det er tid for andre dose, seier Greve-Isdahl.
Litt over 13.000 barn under 16 år har tatt to vaksinedosar.
Foto: FHI vekerapport, veke 10Les meir om FHI sine råd til vaksinering her.
Gjennomgått koronasjukdom gir gyldig sertifikat i 180 dagar
Om barnet har hatt covid-19 gir det gyldig koronasertifikat i seks månader. Det vil seie at om de skal reise i juli, må barnet ha vore smitta seinast i januar.
– Det aller meste av smitte blant barn og unge har skjedd i haust under delta-bølga, og særleg no i januar og februar. Fleirtalet av dei som har blitt smitta, har blitt smitta etter nyttår, seier Greve-Isdahl.
Margrethe Greve-Isdahl i FHI trur det vil kome fleire spørsmål knytt til unge og koronasertifikat når folk begynner å planlegge sommarferie.
Foto: Ola Vatn / NRK– Då vil det gi gyldig koronasertifikat viss dei har registrert det. Då må dei ta ein PCR-test eller antigen hurtigtest gjort av helsepersonell der resultatet blir registrert i helseregisteret MSIS.
Sjølv om du registrerer positiv sjølvtest gjennom kommunens system, blir den ikkje registrert i koronasertifikatet. Ifølge Helsenorge kan barn under 16 år som testar positivt på sjølvtest, ta ein stadfestande PCR-test.
Det kan vere lurt å dokumentere smitten
Det kan ha ein nytte å dokumentere at ein har hatt covid-19 for koronasertifikatets skuld, seier overlege i avdeling for smittevern og vaksine ved FHI, Eli Heen.
– Det påverkar kor mange dosar ein treng for å få status som grunnvaksinert, forklarar ho.
EU-kommisjonen foreslo 3. februar å forlenge det rettslege grunnlaget for EU-sertifikat med eitt år, ut juni 2023. Det er likevel uvisst kor utbreitt bruken vil bli framover.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBDei delvaksinerte, som berre har tatt éin dose, vil få mest nytte av det. Dei uvaksinerte som får det dokumentert, vil også berre trenge éin vaksinedose for å få status som grunnvaksinert.
– Men den sistnemnde gruppa, dei uvaksinerte barna, har moglegheita til å dokumentere dette ved påvising av antistoffar i blodprøve tatt etter at ein var sjuk, så lenge den blir tatt før første vaksinedose, seier Heen.
PCR-test før avreise kan vere nødvendig
Dersom barnet ikkje har to dosar og heller ikkje har hatt korona dei siste 180 dagane, kan det vere nødvendig å ta ein PCR-test 72 timar før avreise. Det varierer frå land til land om dei krev gyldig EU-sertifikat, og også frå kva alder dei krev det frå.
Medlemslanda i EU har blitt einige om at barn under 12 år bør sleppe å bli testa i samband med reise, men det er ulik praksis frå land til land.
På nettsida Re-open EU kan ein sjekke krava som gjeld for dei ulike landa i Europa.
Smitten aukar i Europa
Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) aukar smitten i 18 av 53 land i den europeiske regionen. Dei er optimistiske, men på vakt, seier europadirektør Hans Kluge ifølge AFP.
– Det er spesielt i Storbritannia, Irland, Hellas, Kypros, Frankrike, Italia og Tyskland vi ser ein auke.
Kluge meiner også at fleire europeiske land opna opp for tidleg, og peiker på undervarianten av omikron, BA. 2, som den trulege forklaringa på smitteauken.
Ein tysk mann tar koronatest i Dresden 16. mars 2022. Tyskland er blant landa som opplever aukande smitte no.
Foto: Sebastian Kahnert / APMykje kan endre seg fram mot sommaren
1. februar endra EU reglane for kva som gir eit gyldig koronasertifikat. Medan det før var tilstrekkeleg med to dosar, krev enkelte land at ein har tatt oppfriskingsdose dersom det har gått meir enn 270 dagar sidan dose nummer to.
Eli Heen i FHI understrekar at mykje kan endre seg fram mot sommaren.
Foto: FHIDet er uklårt om barn under 18 år skal vere omfatta av dette kravet.
– Det går føre seg prosessar i EU som truleg vil føre til at barn og unge under 18 år vil ha gyldig koronasertifikat på ubestemt tid etter grunnvaksinasjonen, altså at dei ikkje lenger skal bli ramma av regelen om 270 dagars avgrensing før det trengst ein oppfriskingsdose, seier Heen.
Det er usikkert kva reglar som vil gjelde barn og koronasertifikat i sommar.
Foto: JAIME REINA / AFPHeen understrekar at mykje kan endre seg dei neste månadene.
– Som alltid må ein vurdere nytten opp mot risikoen ved vidare vaksinasjon. Sidan mykje kan endre seg fram mot sommaren når det gjeld koronasertifikatet, særleg for barn og unge, kan det vere lurt å utsette vaksinasjonen så lenge som mogleg. Det kan kome endringar som påverkar kor mange dosar barn treng for å kunne reise, seier FHI-overlegen.
– Nokre land, inkludert Noreg, har allereie gått vekk frå bruk av koronasertifikat både ved grensa og innanlands, og vi får signal om at fleire land vil følge etter, seier Heen vidare.