NRK Meny
Normal

Tilsette i XXL-butikk: Vi blei overvaka på sosiale medium på fritida

Hadde du synest det var greitt om sjefen din registrerte når du drakk champagne eller når du kjøpte deg ei ny, dyr klokke? Datatilsynet har hatt fleire saker kor tilsette skal ha blitt overvaka på sosiale medium av sjefen.

Inngangen til XXL Tønsberg

Dette er inngangen til XXL Tønsberg kor fleire tilsette fortel om episodar knytt til sosiale medium.

Foto: Arild Færaas

Sjå for deg at du jobbar ein stad kor leiinga fører ein såkalla «avvikslogg» over deg. Der står det ikkje berre ting frå arbeidstida di – som at du kjem for seint, at du er sjuk og kastar opp, at du ikkje har oversikt over denne vekas vekenummer eller påstandar om at du er «sløv» og manglar engasjement.

I tillegg har leiinga lagra informasjon som er henta frå dine kontoar på sosiale medium. Det står mellom anna følgande i avviksloggen «Det fortelles om uteliv og hotellnetter» og det blir registrert at du legg ut bilete på Instagram med følgande kommentar «høy partyfaktor – Champagne. Dyre klokker.»

Leiinga har lagra dette på ein datamaskin som mange tilsette i butikken har tilgang til.

Dette skal ha skjedd med ein som har jobba på ein XXL-butikk i Tønsberg. Og NRK har sett avviksloggen som fortel om dette. NRK har også snakka med andre som har jobba i butikken, og som fortel at dei har blitt utsett for overvakinga via sosiale medium og så blitt konfrontert i etterkant.

XXL nektar sjølv for at dei driv med overvaking av kva tilsette gjer i sosiale medium. Men dei innrømmer at avviksloggen NRK har sett finst.

La ut bilete med politiskjorte

Det skal seiast at saka som er skrive om over her, byrja med at ein tilsett la ut eit bilete med politiskjorte på Facebook, og at politiet oppsøkte personen på XXL dagen etterpå.

I samband med dette, blei bustaden til personen ransaka, og våpen blei beslaglagt. Den tilsette hadde fram til då løyve for å ha våpen. Den tilsette skal etter det NRK kjenner til ikkje ha gjort noko straffbart som aleine ville gitt grunnlag for oppseiing då han var på jobb for XXL.

Men vedkommande er under etterforsking for «misbruk av offentleg uniform», samt for å ha oppbevart ammunisjon på ein uforsiktig måte heime. Det blei funne i samband med ransaking som følge av at politiskjortebiletet blei lagt ut på Facebook.

NRK kjenner til identiteten til kven dette gjeld, men vedkomande ønsker ikkje å kommentera saka.

– Har fått spørsmål om festbilete

Dette er ikkje den einaste saka knytt til den same XXL-butikken i Tønsberg. Fleire NRK har vore i snakk med, fortel at dei har fått spørsmål frå leiinga om kva dei har lagt ut på sosiale media.

Dei fortel mellom anna at dei har blitt konfrontert med at dei har vore på fest dagen før dei skulle på jobb, eller då dei var sjukmeldt.

Datatilsynet har fått brev

NRK har også fått innsyn i eit offentleg dokument som er sendt til Datatilsynet frå fagforeininga Handel og Kontor.

Også der blir det fortalt at XXL Tønsberg fører ein avvikslogg over dei tilsette. Etter det NRK kjenner til, skal det brevet ikkje stamma frå personen som historia over handlar om.

I det brevet blir det også nemnd at leiinga har følgt med på kva tilsette legg ut på sosiale media.

Har skrive under på «hysjkontrakt»

NRK veit også at minst ein person har skrive under på kontrakt om at dei ikkje får lov til å seia noko om det som har skjedd i butikken. NRK kjenner ikkje til nøyaktig kva dei har skrive under på at dei må teia om.

Datatilsynet planlegg å senda eit brev til XXL over nyttår, og derfor kan ikkje direktør Bjørn Erik Thon uttala seg konkret om saka.

Men generelt kan Thon seie dette om kva som er lov for arbeidsgivarar å registrera informasjon om sine tilsette.

Bjørn Erik Thon

Datatilsynets direktør Bjørn Erik Thon.

Foto: Oyvind Bye Skille / NRK

– Det er ikkje heilt klare grenser. Men det er eit viktig skilje mellom kva ein gjer på jobb og kva ein gjer privat. Ein skal ha veldig gode grunnar for å bruka noko ein har sett frå privatlivet, i ei sak eller i ein samtale på jobb. Det må vera relevant for måten dei gjer, eller ikkje gjer jobben sin på. Dei må også ha mistanke om at noko ikkje er som det skal vera.

– Er det lov å lagra slik informasjon der andre har tilgang?

– Berre dei som har relevant interesse skal ha tilgang, som personalsjef eller sjef. Dette skal ikkje blir lagt ut sånn alle kan sjå det.

– Sjefar bør vera varsame

Thon ser også utfordringar med sosiale medium og forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

– Me har hatt saker kor tilsette har blitt konfrontert med kva dei gjer på kveldane eller i helgane, eller at dei har sagt ting som leiinga ikkje liker.

Han meiner sjefar i alle tilfelle bør vera varsame med å ta initiativ til å bli venn med sine tilsette.

– Når ein er det, må ein vera forsiktig med kva ein legg ut. Det ansvaret må gå begge vegar.

Handel og Kontor ønsker ikkje å uttala seg om saka, fordi dei vil venta på Datatilsynets handsaming av saka.

Dette svarer XXL

Kjededirektør Anders Fjeld stadfestar til NRK at det er ført ein avvikslogg i samband med ein personalsak.

– Loggen har vore lagra i ei personleg mappe på serveren. Nokon utan løyve har opna mappa og henta ut dokumentet. I ettertid ser me at mappa burde ha vore passordbeskytta.

Fjeld seier at mappa blei sletta, og at praksisen blei endra i sommar.

– Ein slik avvikslogg er berre ført i denne eine konkrete saka, seier Fjeld

Han seier også at det er «ein normal avvikslogg som er vanleg praksis i personalsaker».

Fjeld avviser at leiinga ved XXL Tønsberg har hatt for vane å overvaka dei tilsette på sosiale medium.

– Det har inga rot i verkelegheita.

Konkret i saka som har med avvikslogg å gjera, seier Fjeld at det handlar om ting den tilsette sjølv har fortalt, eller har vist andre tilsette, som igjen har gitt informasjonen til leiinga i butikken.

Fjeld ønsker ikkje å kommentera informasjon NRK har fått frå andre kjelder enn avviksloggen – heller ikkje brevet som er sendt til Datatilsynet frå Handel og Kontor.

Les også:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger