Politikrisa den siste tida ser ikkje ut til å ha påverka tilliten nordmenn har til politiet.
Det syner den nye innbyggjarundersøkinga til politiet, som er gjennomført av TNS Gallup i perioden frå september til desember 2008.
Les også:
Ifølgje undersøkinga har 83 prosent av innbyggjarane framleis tillit til politiet. Det er eit like høgt tal som i 2002.
- Eg er nøgd og letta over at politiet held på tilliten, seier politidirektør Ingelin Killengreen.
Kvinner har meir tillit
Tilliten til politiet er større blant kvinner enn blant menn, og også større blant eldre enn blant yngre.
Unge med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn har også mindre tillit til politiet enn personar i same aldersgruppe i resten av befolkninga.
Video: Skeptiske til politiet.
Ni av ti innbyggjarar kjenner seg trygge der dei bur og meiner at politiet er med på å skape denne tryggleiken.
Innbyggjarane i Asker og Bærum er dei i landet som har størst tillit til politiet.
Les:
Dårleg innsats mot tjuveri
Bilete er likevel ikkje rosenraudt. Ifølgje undersøkinga er ikkje innbyggjarane like nøgde med politiet sin innsats på alle område.
Berre 41 prosent meiner politiet gjer ein god innsats mot tjuveri, innbrot og hærverk. Denne typen kriminalitet utgjer 60 prosent av kriminaliteten i Noreg.
- Dette er ei stor utfordring. Politiet må og skal verte betre. Dette er viktig for innbyggjarane og tilbakemeldinga frå publikum er klokkeklar, seier Killengreen.