Hopp til innhold

Ber studentane styra unna livsfarlege brannfeller

Mange studentar som vil bu billeg i bykjernen endar opp i livsfarlege brannfeller med helsefarleg inneklima. No sparkar Oslo kommune i gang ein kampanje for å få studentane til å tenkja branntryggleik og helse når dei går på visning.

Fungerande brannsjef i Oslo hege Hammer

Mangel på tilfredsstillande rømmingsvegar er det verste me kjem over på tilsyn, seier fungerande brannsjef i Oslo kommune, Hege Hammer.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Heile 128.0000 personar har i år søkt seg til høgare utdanning. Måndag denne veka fekk dei svar på søknaden sin, og med det avklart kvar i landet dei skal busetja seg dei kommande åra.

Mange søkjer seg til storbyane, der bustadmarknaden er sprengd. Oslo kommune fryktar at studentar, som ofte er pressa på pris, firar på krava til brannsikring og godt inneklima.

– Me kjenner til at det blir leigt ut både loft og kjellarar som absolutt ikkje er eigna som bustad. I fjor stengde me ned 15 slike ulovlege butilhøve. Men det er store mørketal, seier fungerande brannsjef i brann- og redningsetaten i Oslo, Hege Hammer.

Ni ting du bør sjekka på visning

Ni sjekkpunkt til trygg og sikker bustad

Denne lista med ni sjekkpunkt om branntryggleik og inneklima vil Oslo kommune at du tek med deg på visning når du skal leiga bustad.

Foto: Oslo kommune

I desse dagar går dei difor i gang med ein kampanje for å hjelpa studentane til å styra unna dei mest brannfarlege og helseskadelege leilegheitene.

Saman med plan- og bygningsetaten har dei laga ei sjekkliste som studentane kan ta med seg på visning for å systematisk sjekka at alt er på stell.

Dei ni sjekkpunkta dreier seg om rømmingsvegar, varslings- og sløkkjeutstyr, fukt- og mugg, ventilasjon, radonnivå, lydisolasjon og tilstrekkeleg med lys.

Her kan du lasta ned Oslo kommune si sjekkliste for trygg og sikker leigebustad

Hege Hammer og Astrid Myhra i Oslo kommune

Fungerande brannsjef i Oslo Hege Hammer (t.v.) og Astrid Myhra i Plan- og bygningsetaten oppdagar mange brannfarlege og helseskadelege leilegheiter når dei er på tilsyn i Oslo. No samarbeider dei om kampanjen som skal gjera studentar meir kritiske når dei går på visingar.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Sjekk at du kjem deg kjapt og effektivt ut dersom det begynner å brenna. Er rømmingsvegen eit vindauge, skal det ikkje ha stengsler. Sjekk at det finst sløkkjeutstyr og røykvarslarar, at det ikkje er soppdanningar og mugg og at det er godt med dagslys. Utleigar skal kunne dokumentera måling av radongass, opplyser Astrid Myhra i Plan- og bygningsetaten i Oslo.

Det brannetaten likar aller dårlegast og som dei også møter mest av på tilsyn, er mangel på tilfredsstillande rømmingsvegar.

– Leilegheita har kanskje berre eit lite vindauge høgt opp på veggen som det ikkje går an å koma seg ut av. I tillegg er det berre ein utgang, kanskje via trappa eller andre si leilegheit. Det er det aller verste, seier fungerande brannsjef Hammer.

Død og sjukdom

Astrid Myhra, Plan- og bygningsetaten i Oslo

Astrid Myhra er gruppeleiar i eininga for byggtilsyn i Plan- og bygningsetaten, Oslo kommune.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Ho påpeikar at slike manglar er alvorlege, og kan medføra dødsfall dersom det bryt ut ein brann. Dårleg inneklima skal ein heller ikkje spøka med.

– Du kan rett og slett bli sjuk. Stråling frå radongass kan føra til kreft, dårleg inneklima kan resultera i astma og andre luftvegssjukdomar. Det er viktig å tenkja på helsa, ikkje berre at du vil ha ein kul plass å bu, understrekar Myhra i Plan- og bygningsetaten.

I tida framover blir dei som står bak studentkampanjen å finna på stands på campus i Oslo, der dei skal dela ut sjekklista til studentane.

– Me håpar at dei tek sjekklista med seg når dei skal på visning, og at dei deler den med vener som skal leiga seg bustad, oppfordrar Myhra.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger