NRK Meny
Normal

Til Stortinget for å orientere om katastrofen i Middelhavet

Statsminister Erna Solberg (H) har varsla at ho vil gjere greie for situasjonen i Middelhavet i Stortinget, opplyser Statsministerens kontor til NRK.

Erna Solberg

TIL STORTINGET: Statsministeren vil gjere greie for situasjonen i Middelhavet i Stortinget i neste veke.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Statsministeren vil gjere greie for situasjonen i Middelhavet i Stortinget i neste veke.

– Det vi ser i Middelhavet no er dramatisk. Vi står overfor ein ekstraordinær situasjon i Middelhavsregionen, der eit aukande tal menneske drukar i forsøk på å kome til Europa, seier Solberg til NRK.

Også orientering om Syria og Irak

Solberg har også varsla at ho vil orientere om den humanitære krisa i Syria og Irak. Det kjem fram il eit brev frå Solberg til Stortingets presidentskap.

– Den humanitære situasjonen i Syria og Irak er kritisk. Borgarkrigen i Syria er no inne i sitt femte år. Over tolv millionar menneske, eller tre fjerdedelar av befolkinga i Syria, treng humanitær støtte for å dekke dei mest grunnleggjande behova, seier Solberg.

– Eg meiner det er riktig å gjere greie for situasjonen i Stortinget, seier Solberg.

Møter i Stortinget om ei veke

Måndag stadfesta Solberg at styresmaktene i Noreg har beslutta å sende eit skip til Middelhavet for å bistå det europeiske grensekontrollorganet Frontex med overvaking i området. Skipet skal vere på plass frå 1. august, eller før.

Eit flertal av partia på Stortinget meiner Noreg må sende skipet så snart som mogleg og lenge før datoen som er fastsatt, altså 1. august. Ifølgje Solberg er 1. august ein dato som er valgt av EU.

Solberg skal orientere Stortinget torsdag 30. april klokka ti.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger