Grasrota til partiet Venstre er i ferd med hamne i skyttargravene. Det gjeld kampen om partileiar Trine Skei Grande.
Lokaltoppar har slått alarm i interne brev, medan andre slår ring om partileiaren.
– Vi er nå lei av jakta på Trine, seier Torgeir Anda, leiar i Trøndelag Venstre.
Han står bak eit opprop med støtte til partileiaren og Venstres distriktspolitikk.
– I løpet av ein dryg time har det komme over 100 støttemeldingar på Facebook-gruppene «Venstremedlemmer» og «Folkevalgte» i Venstre. Straumen av støttemeldingar held fram, seier han.
- Les meir:
– Har mista mykje tillit
På den andre sida i stormen står Terje Bjøro, tidlegare lokalpolitikar for Oslo Venstre.
Han melde seg ut av partiet før jul fordi han føler på eit svik i samband med at Venstre gjekk inn i Solberg-regjeringa, og fordi han ikkje føler seg møtt når han tek opp kritikk internt.
– Trine Skei Grande bør innsjå at tida er over. Ho har mista mykje tillit i distrikta, blant seniorar og i det breie Venstre, seier Bjøro.
Men han vil ikkje berre bli kvitt Skei Grande. Heile partileiinga bør bytast ut på det komande landsmøtet, meiner han.
– Dei har vore med på laget. Skal Venstre få fornya tillit i befolkninga og skape noko nytt, må ein skifte heile leiinga, seier Bjøro.
- Les meir:
– Det går utover partiets ære og profil
Han meiner at Skei Grande ikkje trekk tillit lenger og at ho ikkje klarar å engasjere.
Bjøro er også sterkt kritisk til at Venstre gjekk inn i regjeringa etter eit vedtak på eit landsstyremøte. Han meiner det burde skjedd i eit ekstraordinært landsmøte, slik KrF gjorde.
– Skei Grande har valt sin veg og pressa han gjennom slik at det går utover partiets ære og profil, seier Bjøro.
Han meiner at Venstre no er blitt eit «mini-Høgre-parti» og manglar eigen profil.
– Å inngå kompromiss med Erna Solberg og hennar høgreregjering er Venstres undergang. Venstre ligg under sperregrensa og når ho ikkje om Venstre ikkje vel ein heilt annan profil og sentrumsorientering.
Han vedgår at Skei Grande er sterk, raus og hyggeleg, men meiner at ho ikkje greier å lytte og at ho «køyrer gjennom saker på ein beinhard måte utan å ha det breie laget i partiet med seg».
Vidare meiner han at måten ho har omtala nestleiar Abid Raja og andre partifellar har skada partiet.
– Det kan handle om mangel på danning, men ho burde ha lært såpass at ein ikkje omtalar folk på den måten.
– Vi som stør Trine blir ikkje spurd
Mange på grasrota tek no til motmæle mot kritikken mot partileiaren. I underskriftskampanjen lansert av Torgeir Anda, skriv dei:
– Dei mange oppslaga i ulike medium den siste tida gir eit heilt feil inntrykk av situasjonen i Venstre. Vi som driv fylkeslag og lokallag har full tillit til Trine Skei Grande. Ho gjer ein stor jobb både som statsråd og leiar av partiet.
Åtak frå «sinte, gamle menn»
Hallstein Bjercke i Oslo Venstre meiner at åtaka på partileiaren no berre kjem frå «sinte, gamle menn» i partiet, skriv Dagbladet.
Kritikar Terje Bjøro meiner det er naturleg at Skei Grande har sine støttespelarar, men meiner Bjercke si ytring er trist.
Bjøro er kritisk mot dei som profilerer Venstre som ungt og urbant.
– Skal Venstre vere eit støtteparti for Høgre og vere i kompaniskap med eit innvandrarfiendsleg Framstegsparti? Skal Venstre gi opp sin sosialliberale og radikale profil, spør han.
Venstre-leiar Trine Skei Grande kommenterer kritikken frå partifeller generelt slik:
– I Venstre er det verkeleg lov til å kjefte på sjefen, og det skal eg tole, seier Skei Grande.