Hopp til innhold

Tidlegare SAS-tilsett: – Følte meg som ein robot

Millie Kverneland går hardt ut mot flyselskapet i eit Facebook-innlegg.

Portrett av Millie Kverneland foran bygning

– FEIL FOKUS: Millie Kverneland har tidlegare jobba i SAS. Ho er lei av å lese om folk som ikkje får reise på ferie, og vil minne folk om kva streiken handlar om.

Foto: Cecilie Ekeli

– Eg er rasande. Og eg hadde blitt endå meir rasande om nokon hadde behandla meg på den måten SAS-leiinga behandlar sine tilsette på no.

Kverneland jobba som flyvertinne i SAS frå 2014-2016. Ho fortel at det var beinhardt arbeid, med opptil 60 arbeidstimar i veka.

I eit offentleg innlegg på Facebook, som er delt over 2000 gonger, går ho hardt ut mot både SAS-leiinga og mediedekninga av streiken – som ho meiner har vore einsidig.

– Eg er lei av vinklinga media har hatt, med stort fokus på den uskuldige tredjepart.

Ho meiner mange ikkje har forstått kva streiken i flyselskapet eigentleg handlar om.

– Kjernen i saka er at SAS-leiinga bryt ein avtale. Det må komme mykje tydelegare fram. No er heile fokuset på alle som mistar ferien sin, seier ho.

LES OGSÅ: Dette er vilkårene i SAS-selskapet pilotene kjemper mot

SAS-fly
SAS-fly

– Lurer sine tilsette

900 pilotar vart tekne ut i streik måndag i førre veke. Om lag 30.000 passasjerar blir råka kvar dag. SAS og pilotane deira er ikkje samde om lønn. Kjernen i konflikten er opprettinga av to bemanningsselskap.

Rundt 560 pilotar mista jobben under pandemien. Dei vil ha tilbake jobbane sine, og seier SAS prøver å omgå forpliktingane sine til å hente dei oppsagde pilotane tilbake igjen.

Bemanningsselskapa har andre lønns- og arbeidsvilkår, og er ikkje bundne opp til dei opphavlege tariffavtalane pilotane hadde i sine gamle stillingar.

SAS avviser dette. Dei meiner selskapet tek omsyn til alle inngåtte avtalar.

– Når ikkje SAS-leiinga følger opp, er det avtalebrot, først og fremst. Men det er også å lure sine tilsette, meiner Kverneland.

SAS: – Deler ikkje det verkelegheitsbiletet

NRK har lagt fram kritikken frå Kverneland for SAS. Pressesjef Tonje Sund skriv følgjande i ein e-post:

Vi har respekt for at det er ulike synspunkt og høyrer det ho seier, samstundes deler vi ikkje det verkelegheitsbiletet.

Ho skriv vidare at dei har etablert ein femårig gjeninnsetjingsrett for pilotane, og at det i den pågåande konflikten blir gitt eit inntrykk av at dette ikkje er tilfellet.

Vi gjer vårt ytste for å få dette til, men streik og store tap no gjer det ikkje lettare.

Sund presiserer at alle dei SAS-tilsette som er baserte i Skandinavia har skandinaviske avtalar, med skandinaviske vilkår, inngått med skandinaviske fagforeiningar.

LES OGSÅ: SAS-sjefen foreslår «våpenhvile» med pilotene hvis streiken avblåses

Anko van der Werff
Anko van der Werff

Følte seg som eit tilfeldig nummer i rekka

Kverneland meiner avstanden mellom SAS-leiinga og andre tilsette i flyselskapet er stor.

– Då eg jobba i SAS følte eg meg som eit tilfeldig nummer i rekka. Ein slags robot som berre skulle utføre arbeidsoppgåvene sine. Det var ikkje noko relasjon mellom meg, som kabintilsett, og leiinga i det heile tatt.

– Tradisjonelt har det faktisk vore veldig stor avstand mellom leiing og flygande personale i SAS. Heilt annleis enn Norwegian, meiner Espen Andersen, førsteamanuensis ved BI.

Flyanalytikaren forklarar det med at SAS følgjer ein svensk tradisjon – med ei meir distansert leiing.

– Det er store forskjellar innanfor forretningslivet. Det er veldig profesjonalisert i Sverige, men meir jordnært i Noreg, seier han.

Espen Andersen intervjues av reportere Helle Fjelldalen og Paal Wergeland på sitt kontor på BI i Nydalen

Flyanalytikar Espen Andersen seier at SAS følgjer ein svensk tradisjon – med ei meir distansert leiing enn flyselskap som Norwegian.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– Rørande å sjå responsen

Lange arbeidsveker og flygingar på opp mot 14 timar, var litt av årsaka til at Kverneland slutta i SAS. No jobbar ho med rekruttering innan marknadsføring og har meir normale arbeidsveker.

Gode kollegaer gjorde likevel at ho heldt ut litt lenger i flyselskapet, fortel ho.

– Eg hadde ekstremt lojale og omsorgsfulle kollegaer, som var skikkeleg glad i jobben sin.

Det er mange som har teke kontakt med henne etter innlegget på Facebook. Også SAS-tilsette som takkar henne for at ho set ord på ein vanskeleg situasjon.

– SAS-pilotane har fått massiv støtte frå heile Noreg. Det synest eg er skikkeleg rørande å sjå, som tidlegare tilsett, avsluttar ho.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ