Hopp til innhold

Tidlegare KrF-arar lagar nytt parti – får ikkje støtte av Kjell Magne Bondevik

Tidlegare KrF-toppar som tapte retningsvalet i partiet, går saman om å lage partiet «Sentrum». KrF trur det kan svekkje kampen for eit sterkt sentrum, og tidlegare partileiar Bondevik støttar ikkje partidanninga.

Fleire tidlegare KrF-arar står saman om å skipe partiet Sentrum. Tidlegare byråd for Ap i Oslo, Geir Lippestad, er valt til styreleiar.

Fleire tidlegare KrF-arar står saman om å skipe partiet Sentrum. Tidlegare byråd for Ap i Oslo, Geir Lippestad, er valt til styreleiar.

– Hareides tale syntest mange av oss var strålande, og den er sjølvsagt noko vi har med oss i bakhovudet, seier Geir Lippestad til NRK.

Han er tidlegare Oslo-byråd for Ap og blir frontfigur for det nye partiet.

I september 2018 talte dåverande leiar i KrF, Knut Arild Hareide, til KrFs landsstyre og bad partiet søke regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. To år seinare er Hareide statsråd i Erna Solbergs regjering, mens fleire KrF-arar som vart inspirerte av bodskapen hans går saman om å lage eit nytt parti.

– Men vi er ikkje «det raude KrF», vi er menneske med ulik partibakgrunn, og eg trur vi skal bli eit mykje breiare parti enn KrF, seier Lippestad.

DEN GONG DÅ: Knut Arild Hareide bad KrF sjå til venstre hausten 2018.

Jobbar mot 21-valet

Partiet Sentrum hadde stiftingsmøte i slutten av førre veke, men må samle 5000 underskrifter for å kunne vere eit lovleg registrert parti som kan stille til val i stortingsvalet 2021.

– Stortinget er målet, seier Lippestad. – Kampen mot utanforskap og samfunnsskapte barrierar er vårt DNA, seier han.

Den politiske plattforma som er vedteken framhevar mellom anna følgande:

  • Partiet er blokkuavhengig
  • Kampen for sårbare grupper og inkludering står sentralt
  • Noreg har ansvar for å ta imot menneske på flukt
  • Kamp mot aukande økonomisk ulikskap
  • Oljeutvinning på norsk sokkel skal avviklast i løpet av 15 år
  • Støttar internasjonalt samarbeid og EØS-avtalen
  • Aktiv nasjonal eigarskapspolitikk

Les meir: Sentrums plattform

I ei Facebook-post onsdag kveld, skriv tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide at han framleis har trua på KrF-prosjektet:

– For to år sidan tok eg til orde for å leie KrF inn i eit samarbeid med Ap og Sp. Etter ein djuptgripande prosess i partiet gjekk det ikkje den vegen. Eg gjekk av som partileiar. To år seinare er eg framleis ein del av KrF-laget og samferdsleminister. Det betyr at eg framleis har trua på prosjektet.

KrF: – Skeptisk til å splitte stemmene i sentrum

Det nye partiet får ei lunken mottaking frå både noverande og tidlegare parti-toppar i KrF.

I ein SMS til VG seier tidlegare statsminister og KrF-leiar Kjell Magne Bondevik at han ikkje støttar partidanninga. Sonen John Harald Bondevik er ein av frontfigurane i partiet.

– Vi registrerer at personar frå tre ulike parti startar eit nytt parti med mange av dei same hjartesakene som vi kjemper for. Vi skulle sjølvsagt ønskje at alle desse valte å engasjere seg i det store kristendemokratiske sentrumspartiet vi har, seier Erik Lunde, som er sentralstyremedlem i KrF.

Gruppeleder i Krf, Erik Lunde.

HJARTESAKER: KrFs Erik Lunde synest det nye partiet verkar ganske likt.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Lunde stemte sjølv for at KrF skulle velje raud side i 2018. I Politisk Kvarter onsdag seier Lunde at han trur det nye partiet vil svekke sentrumspartia i Noreg.

– Det er jo parti rundt sentrum som kjempar for å komme over sperregrensa. Vi har ein klar og tydeleg plan for korleis vi skal komme godt over sperregrensa ved valet 2021. Men eg er skeptisk til at ein skal splitte opp stemmene på fleire parti, seier Lunde.

– Eg trur det kan svekke kampen for eit sterkt sentrum, og ein meir offensiv miljøpolitikk. Dette er vel så mykje ei utfordring for MDG eller Arbeidarpartiet dette partiet.

Laster Twitter-innhold

På onsdagens oktobermåling er KrF er under sperregrensa for sjette gong på årets ni målingar.

Partiet manglar rundt 27.000 veljarar for å nå 4,0 prosent oppslutning. Tendensen siste halvår er at KrF mistar fleire veljarar til Høgre enn Ap.

Samtidig seier Lunde at han ikkje opplever plattforma til Sentrum som like sentrumsnært som KrF sin:

– Lippestads plattform inneheld formuleringar som at ein skal bygge på sosialistisk og sosialdemokratisk tankegods. Det er vel og bra, men med all respekt å melde er ikkje det sentrumsideologiar. Dette er ideologiar som plasserer partiet på venstresida. KrF har alltid med sine kristendemokratiske ideologi alltid hatt ein veldig sterk sentrumsidentitet, seier Lunde.

Lippestad vedgår at det er riktig at Sentrum er meir opptatt av samarbeid med venstresida.

– Det er heilt riktig at det som skil KrF og oss at vi synest sentrum-venstre er eit riktigare svar for å løyse dei store utfordringane som du også er opptatt av, svarer Lippestad.

Raud side

Lippestad sjølv var byråd for Arbeidarpartiet fram til 2017 og sat i Oslo bystyre til 2019. Då NRK intervjua han tysdag ettermiddag hadde han framleis ikkje sendt utmeldinga til Arbeidarpartiet, men hadde onsdag morgon meldt seg ut.

Men dei fleste av dei som no startar opp det nye partiet Sentrum har bakgrunn frå KrF og sto på «raud side» under retningsvalet.

  • Kristin Walstad var fram til nyleg nestleiar i Viken KrF
  • Irene Solli var andre nestleiar i Agder KrF fram til januar i år
  • Dag Sele var fylkesleiar i Hordaland KrF og sentralstyremedlem
Kristin Walstad

NESTLEIAR: Kristin Walstad er første nestleiar i styret for Sentrum.

Foto: NRK

Tidlegare nestleiar i Sogn og Fjordane KrF, Stein Robert Osdal, melder onsdag at han har meldt seg ut av KrF, og inn i Sentrum.

Han fortel NRK at han har slite med KrF sidan retningsvalet i 2018.

– Når dette kom opp så var valet veldig klart. Saka om Moria-barna er kanskje skrekkdømet på kor handlingslamma den regjeringa er, som gjorde meg veldig sint, og var kanskje nest siste spikaren i kista for å seie det sånn, seier Osdal til NRK.

– Og når eg ser då at KrF er så avhengig av Frp, så er det ei stor utfordring for meg, og derfor landa eg på å melde meg ut, legg han til.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal
Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei har også med seg Tom Sverre Tomren som har representert både MDG og KrF i fylkestinget i Hordaland.

Tidligare ordførar meld seg ut

2. november 2018 stemte KrF-landsmøtet over retningsvalet som partileiar Knut Arild Hareide hadde invitert til.

Hareide ønskte at partiet skulle søke regjeringsmakt. Han ville at KrF skulle samarbeide med Ap og Senterpartiet. Men eit knapt fleirtal ville sjå den andre vegen. Dei vedtok at KrF skulle gå inn i Erna Solbergs regjering.

På det ekstraordinære landsmøtet hausten 2018 vann «blå side» i KrF med knapp margin 98–90. Og slik vart KrF eit regjeringsparti. Hareide gjekk av som partileiar, og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad tok over. På Granavolden nyåret 2019 forhandla han KrF inn i regjering med Høgre, Venstre og Frp.

Men KrF var delt om lag på midten. Tilbake sto ein stor skare av skuffa «raude».

NRK kjenner til at det vart snakka laust om eit nytt parti allereie like etter retningsvalet. Fleire politikarar og rådgjevarar som sto på Hareides linje takka etter kvart for seg, takka nei til attval eller melde seg ut. Men det er først den seinare tida at tanken har modna såpass mykje at ein mindre krets med folk har gått saman og realisert tanken om eit nytt parti. Det nye partiet seier at verdigrunnlaget er sosialdemokratisk, kristendemokratisk og kristensosialistisk tankesett.

Byter parti

Irene Solli

Nytt parti: Agderpolitikar Irene Solli er ferdig med KrF og blir med i Sentrum.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– KrF har oppnådd noko som er bra i regjering, men i mange saker blir dei sett til side. Det har vi sett spesielt det siste året. Frå saka om papirlause sine rettar, ikkje minst i Moria-saka nettopp, men også i miljøsaker, seier Irene Solli som er nestleiar i styret til det nye partiet. Solli er tidlegare nestleiar i Agder KrF og vart valt til vararepresentant i bystyret i Kristiansand og fylkestinget i Agder frå KrFs liste. Ho melde seg ut av partiet i januar i år.

Mange av dei som har partihistorikk frå KrF framhevar at KrF har blitt for opptekne av kristne symbolverdiar og at partiet er blitt eit høgresideparti som bidreg til å gje Frp makt.

– Eg er einig i store delar av KrF sitt program, men eg opplever at partiet er stille der eg hadde forventa at dei tok til motmæle mot Frp sine ytringar, og noko av det som kjem frå KrF i debatten om homofili og homoterapi er medverkande til splittande retorikk, seier Dag Sele.

Dag Sele

Til Sentrum: Tidlegare KrF-ar Dag Sele blir med i det nye partiet.

Foto: BERGIT SØNSTEBØ SVENDSEID / NRK

Sele var fylkesleiar for Hordaland KrF då partiet tok retningsvalet i 2018 og har også sitte i sentralstyret i KrF. No er også han med i styret for det nye partiet. Han meiner det tidlegare partiet hans er for oppteke av å tilfredsstille enkelte veljarar i KrF-grunnfjellet.

Samarbeid med venstresida

Partiet omtalar seg sjølv som blokkuavhengig.

Styreleiar Geir Lippestad er likevel ikkje i tvil om kven Sentrum meiner bør vere statsminister – om dei skulle klare å kome seg så langt som til Stortinget.

– Slik den politiske situasjonen er i dag, vil ei stemme til Sentrum vere ei stemme for regjeringsskifte.

– Er ein blokkuavhengig då?

– Viss ein skal få gjort noko med utanforskap og inkludering, så skjer ikkje det i eit samarbeid med Frp.

– Er Sentrum eit kristeleg parti?

– Vi tek kristne og religiøse verdiar på alvor. Men vi skal styre etter FNs berekraftsmål.

– Men det er ikkje eit kristeleg parti?

– Nei, Sentrum er eit parti for alle som er opptekne av vår politikk, og vi er opptekne av dei verdiane som ligg til grunn for både kristendommen og andre religionar.

– Ikkje med på planane

– Eg er ikkje med på planane om det nye partiet, og visste ikkje ein gong om det, seier tidlegare politisk rådgjevar for Knut Arild Hareide, Emil André Erstad.

Han melde seg ut av KrF i januar i år, og viste til retningsvalet KrF gjorde. Han ønskjer ikkje å kommentere stiftinga av partiet «Sentrum».

– Eg må tenka meir over dette før eg kan seia noko om det. Seier Erstad til NRK.

AKTUELT NÅ