Hopp til innhold

Tidlegare informant føler seg svikta av politiet og fryktar for eige liv – no saksøkjer ho staten

Ei kvinne som var informant for politiet i Oslo saksøkjer staten etter at ho fekk avslag på asylsøknaden. Ho meiner sjølv ho er i livsfare, etter samarbeid med politiet i mange månader.

"Elisabeth" var informant for politiet i lang tid

«Elisabeth» saksøker staten etter at ho fekk avslag på asylsøknaden. Denne veka går saka i Oslo tingrett.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Slik eg ser det, vil eg vere i fare heile livet. Eg veit at det er nokon som leitar etter meg. Nokon som spør etter meg. Det er folk som ikkje vil at eg skal leve meir.

Vi kallar henne «Elisabeth». Ho lever i skjul, med tryggleikstiltak rundt seg. Ho meiner ho er avslørt som informant og at eit organisert, kriminelt nettverk jaktar på henne.

Det er gått to og eit halvt år sidan ho avslutta samarbeidet med politiet i Oslo. Då hadde ho fora dei med informasjon om det farlege, kriminelle nettverket i mange månader, utan lovleg opphald i landet.

I retur trudde ho at politiet skulle hjelpe henne med opphaldsløyve i Noreg. Ho hevdar at dei lova å hjelpe henne med det.

I eit telefonopptak stadfester politibetjenten at han vil prøve å hjelpe henne med å skaffe opphaldspapir.

– Dei sa at dei skulle hjelpe meg, men at det var ein lang veg. Det ville ikkje vere gjort på ein dag, men dei sa at det ville skje ein dag, fortel «Elisabeth».

Avslag på asylsøknad

Men både UDI og UNE har avslått asylsøknaden til kvinna. Dei meiner ho ikkje har behov for beskyttelse og vil sende henne ut av landet.

Advokaten til kvinna er fortvila. Silje Elisabeth Stenvaag meiner kvinna er i stor fare om ho blir returnert til heimlandet sitt.

Silje Stenvaag

Kvinna er overbevist om at ho vil bli drepen om ho vender tilbake til heimlandet sitt, fortel advokat Silje Elisabeth Stenvaag.

Foto: Marte Vike Arnesen

– Ho har mottatt veldig alvorlege trugslar om drap mot seg og sin næraste familie. Ho har levd i skjul i Noreg på grunn av den frykta. Blir ho sendt tilbake til landet sitt, er ho sjølv overbevist om at ho vil bli drepen, fortel Stenvaag.

– Kvifor godtar de ikkje at to instansar meiner at ho ikkje har behov for beskyttelse?

– Vi kan ikkje godta det, vi må gjere alt vi kan. Då er domstolsprøving den vegen vi har moglegheit til å gå. Det er ikkje slik at utlendingsforvaltinga er feilfri, seier Stenvaag.

UNE skriv i ein e-post til NRK at dei vil forklare sitt syn i retten og ikkje vil kommentere detaljane i saka før det.

– Korleis vi har sett på saka er gjort greie for i eit vedtak frå november. Der har vi meint at ho ikkje har eit behov for internasjonal beskyttelse, og at styresmaktene i heimlandet har både evne og vilje til å beskytte henne, skriv seksjonssjef Linda Kartawich i UNE via ein kommunikasjonsrådgjevar.

NRK kjenner til at politiet har gjort ei trusselvurdering av kvinna. Ifølgje trusselvurderinga er nivået vurdert til moderat.

Det betyr at dei meiner det er moderat sannsyn for at noko skjer. «Aktørane kan ha intensjon og kapasitet til å ramme den trusselutsette», heiter det i trusselvurderinga.

Avslørt som informant

Ifølgje Stenvaag er kvinna avslørt som informant, utan at politiet har hjelpt henne. Biletet under er ein illustrasjon av ei sms-utveksling mellom kvinna og politiet ein av gongane ho meinte at ho var i livsfare.

Illustrasjon av SMS

Biletet viser ein illustrasjon der kvinna ber politiet om hjelp. Her meiner ho at ho er i livsfare.

Foto: Illustrasjon / NRK

Stenvaag er skuffa over politiet.

– Det er norsk politi som har sett henne i denne forferdelege situasjonen. Dei valde å bruke ei ung sårbar jente som var trafikkert til Noreg, som informant opp mot eit veldig farleg miljø.

Både kvinna og advokaten hevdar politiet lova å beskytte og hjelpe kvinna så lenge ho var informant. Dei meiner at politiet ikkje hjelper henne nettopp fordi ho ikkje har opphaldsløyve i Noreg.

– Det er eit paradoks. Det er nettopp derfor ein ikkje skal bruke informantar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg, fordi det blir problematisk å beskytte dei etterpå. Oslo politidistrikt burde, og kunne, ha gjort veldig mykje meir for henne, hevdar advokat Stenvaag.

Heller ikkje Oslo politidistrikt vil gje eit intervju i samband med saka. Dei skriv i ein e-post at det er UNE som er stevna og at dei ikkje er part i saka.

Kommunikasjonsstaben i politiet viser til at Spesialeininga for politisaker i 2017 opna etterforsking av politidistriktet si handtering av den kvinnelege informanten.

– Spesialeininga la vekk saka 31. januar 2018 som ikkje noko straffbart bevist. Spesialeininga har gradert påtaleavgjerda som «strengt fortruleg», og vi har ikkje moglegheit til å kommentere detaljar i saka, skriv kommunikasjonsstaben i politiet.

I den nemnde etterforskinga konkluderte Spesialeininga med at Oslo politidistrikt braut informant-instruksen då dei brukte kvinna som informant. Likevel la dei vekk saka.

Saksøker staten

Denne veka møter kvinna og advokaten hennar regjeringsadvokaten i Oslo tingrett. Det er eit sivilt søksmål, men deler av bevismaterialet i saka er unntatt offentlegheit.

Til dømes vil ikkje teieplikta til politibetjentane, som er stevna som vitne i saka, bli oppheva. Det er problematisk for å få belyst alle sidene ved saka og for å få ein rettferdig rettergang, hevdar Stenvaag.

– Det er ei veldig stor utfordring at vi har ei plikt til å bevise det vi meiner. Vi ønsker alle fakta på bordet, medan staten nektar oss å føre bevis, seier Stenvaag.

Professor ved juridisk fakultet på Universitetet i Oslo, Mads Andenæs, meiner saka til kvinna er svært alvorleg og at politiet har utsett henne for stor fare.

– Det er ein vanskeleg politioperasjon å sikre henne og det kan krevje store ressursar, seier Andenæs.

Mads Andenæs

Professor Mads Andenæs er kritisk til at politiet har brukt ei kvinne utan lovleg opphald i Noreg som informant.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Han meiner dette er ei vanskeleg sak for politiet og viser til at kvinna har eit beskyttelsesbehov.

– Dei skal ikkje bruke utlendingar utan lovleg opphald på den måten som dei har brukt henne som kjelde her. Ho er utsett for stor fare fordi politiet har brote sine eigne instruksar og brukt ho som informant, seier Andenæs.

Interessekonflikt

– Det som slår meg som urovekkande er at dei som representerer staten her har forskjellige interesser, seier Andenæs.

Andenæs viser til at regjeringsadvokaten i retten både skal ta omsyn til politiet og korleis dei opptredde i forhold til kvinna, samtidig som dei skal ta vare på dei innvandringspolitiske interessene til staten.

– Her er det ei interessekonflikt og det er svært uheldig om reglar for hemmeleghald blir brukt. Så vidt eg skjønnar så blir dei brukt aktivt i denne saka for å halde informasjon tilbake, meiner professoren.

– Viss ein held informasjon tilbake, ikkje tillèt utspørjing av sentrale vitne og så vidare, så skal det ikkje på nokon måte kunne svekke situasjonen til kvinna. Det er noko som domstolen bør legge til grunn som viktige moment i favør av kvinna, hevdar professoren.

Regjeringsadvokaten skriv i ein e-post at dei ikkje kjenner seg igjen i påstandane om interessekonflikt frå Andenæs.

– Domstolen har tatt stilling til i kva grad politiet kan forklare seg, basert på gjeldande reglar om teieplikt. Saksøkar har ikkje anka denne avgjerda, og det legg vi til grunn. Regjeringsadvokaten representerer UNE i denne saka, og ikkje politiet, skriv advokat Henriette Lund Busch hos Regjeringsadvokaten.

Framleis i livsfare

Det kriminelle nettverket veit ikkje kvar ho lever i dag, men dei jaktar på henne. Stadig spør dei venner og familie om kvar ho er, hevdar kvinna.

– Dei som i dag sit i fengsel på grunn av meg, kjem ut ein dag. Då vil dei prøve å finne den som gjorde at dei måtte i fengsel og mista mange år av livet. Eg veit ikkje kva som vil skje med meg når dei kjem ut, seier kvinna.

"Elisabeth" var informant for politiet

«Elisabeth» lever i skjul. Ho seier ho har mista dei beste åra av livet sitt.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Eg har mista dei beste åra av livet mitt, seier «Elisabeth».

– Gruar du deg til rettssaka?

– Eg er glad dagen kjem, eg har venta på det. Det var ikkje bra det som skjedde med meg, seier kvinna stille.

AKTUELT NÅ