Hopp til innhold

– Vårt kollektive ansvar å arbeida mot høgreekstreme krefter

Det er ti år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Dette blir markert gjennom heile torsdag.

10-Ârsmarkering for terrorangrepet 22. juli 2011

Kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra og kronprins Haakon under minnemarkeringen på Utøya.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Eg er redd for at vi som samfunn ikkje har vore flinke nok til å lytta og gi plass til alle kjenslene, alle trauma denne dagen har gitt. Eg håpar denne tiårsmarkeringa kan hjelpa oss til å finna dei rette orda, det rette språket, sånn at vi kan koma vidare, sa kronprins Haakon då han talte på minnemarkeringa på Utøya torsdag, ti år ettar terrorhandlinga 22.juli 2011.

Kronprinsen seier at mange føler at dei har måtta kjempa kampen mot høgreekstreme krefter åleine.

– Det er vårt personlege og kollektive ansvar å arbeida mot desse kreftene, kvar dag. Landet vårt har smerteleg erfart at det er naudsynt, sa han.

Erik Kursetgjerde, overlevande etter 22. juli, tala også på Utøya torsdag.

– Oppgjeret må få konsekvensar for alle delar av samfunnet vårt, sa han.

Astrid Willa Eide Hoem taler under minnemarkeringen på Utøya.

Astrid Willa Eide Hoem talar under minnemarkeringen på Utøya.

Foto: Torstein Bøe / NTB

AUF-leiar Astrid Hoem sa i talen på Utøya at det dei ber om er at å bli lytta til.

– No er tida for å snakka sant. Terroristen var ein av oss. Den livsfarlege ekstremismen og rasismen lever blant oss, sa ho.

Også Ap-leiar Jonas Gahr Støre sa at hatet ikkje har stilna.

– Mange av haldningane til terroristen er meir framståande i dag enn 22. juli 2011, sa han.

Jonas Gahr Støre under minnemarkeringen på Utøya.

Jonas Gahr Støre under minnemarkeringen på Utøya.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Ein grufull dag

– Eg trur det er veldig mange som har det som meg. At denne dagen skal vi berre gjennom, seier Raymond Johansen, byrådsleiar i Oslo.

Under terrorangrepet i 2011 var Johansen partisekretær for Arbeidarpartiet.

– Det var ein grufull dag. Eg snakka med rådgivaren min då bomba smalt. Då var eg heime på Lindeberg.

Seinare fekk den dåverande partisekretæren beskjed om at det var skyting på Utøya, og reiste ut til Sundvollen. Der møtte han ungdom som var sterkt traumatiserte.

– Det er eit syn du aldri gløymer. Det var jo berre born. Inne i ullteppet. Og hadde sett ting vi då ikkje forstod på det tidspunktet. Det vil eg aldri gløyma, seier Johansen.

Det er ti år sidan. Blir det noko betre?

– Eg veit ikkje. Eg synest debatten i samband med tiårsmarkeringa, alle dei fantastiske bøkene, alle vitna og ikkje minst dei overlevande frå Utøya har gitt dette ein dimensjon.

Omfavnelse ved 22. juli-minnesmerket ved domkirka i Oslo

Sjå bilda frå tiårsmarkeringa.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Vondt å tenkja tilbake på

At det er ti år sidan terroren blei markert gjennom heile torsdag. Markeringa starta i regjeringskvartalet.

– Tida lækjer ikkje alle sår, sjølv om samfunnet ventar det, sa leiar for støttegruppa, Lisbeth Kristine Røyneland som også mista barnet sitt på denne dagen for ti år sidan.

Ho var den fyrste talaren i regjeringskvartalet.

Statsminister Erna Solberg taler under minnemarkeringen i Regjeringskvartalet

Statsminister Erna Solberg talar under minnemarkeringen i Regjeringskvartalet.

Foto: Geir Olsen / NTB

Statsminister Erna Solberg sa i sin tale at det gjer vondt å tenkja tilbake på den bekmørke julidagen i 2011.

– Vi må ikkje la hatet stå uimotsagt, sa ho.

I regjeringskvartalet blei namna på dei 77 dødsoffera lesne opp.

Hatet er der framleis

– Terroren ramma uskuldige, men var ikkje blind. Målet var AUF og Arbeidarpartiet, sa Jens Stoltenberg i talen sin i Oslo domkirke.

I etterkant av gudstenesta kima kyrkjeklokker over heile landet. Klokka 13.00 var det gudsteneste i Hole kirke. Kronprinsen var til stades. Kronprinsessa melde avbod.

I etterkant av Utøya-markeringa var det mottaking i Oslo rådhus.

AKTUELT NÅ