Normal

Thorkildsen tek ikkje attval i SV

Inga Marte Thorkildsen har takka nei til å stille til val på ny som nestleiar i Sosialistisk Venstreparti (SV). Det seier ho sjølv til NTB.

Inga Marte Thorkildsen

Gir seg som nestleiar. Inga Marte Thorkildsen stadfester at ho ikkje stiller til attval som SV sin nestleiar.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Det var Dagsavisen som først melde at sentrale kjelder i SV hevda at den tidlegare barne- og likestillingsministeren ikkje vil stille til attval som nestleiar i partiet. Thorkildsen stadfester no dette sjølv.

Avisa seier det vert snakka i SV-kretsar om at partiets andre nestleiar, Bård Vegard Solhjell, vurderer å trekke seg.

SV har no sett ned ein ny valkomité som skal lansere nye kandidatar i tida fram mot nytt landsmøte i 2015. Stortingsrepresentant Kirsti Bergstø og tidlegare statssekretær Ingrid Fiskå vert peikte ut som aktuelle kandidatar til å overta jobben til Thorkildsen.

I helga takka også Inga Marte Thorkildsen nei til å stille som førstekandidat på Oslo SV si liste framfor neste kommune- og fylkestingsval.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger