Hopp til innhold

Terrorsikta norsk-irakar: – Flykta frå Saddams regime

Den terrorsikta 48-åringen har deltatt i USA si okkupasjon i Irak og vore medlem av SV. Ingeniøren er no varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for brot på terrorparagrafen.

Terrorsiktede møtte ikke opp i eget fengslingsmøte.

Ingeniøren som jobbar for Aker Solutions vart arrestert på jobb måndag denne veka. Han vart pågripen samtidig som politiet gjennomførte ein razzia mot selskapet.

Medlemmer av Sosialistisk Venstreparti bekreftar overfor NRK at sikta var medlem av partiet. Han var lokalpolitikar for partiet på 2000-talet, men han flytta og skal da ha meldt seg ut av lokallaget.

Han har heldt ei appell der han gav uttrykk for misnøye med USA si invasjon i Irak – etter at han sjølv hadde deltatt i den amerikanskleia okkupasjonen før han blei norsk statsborger. Opplysningar på nettet viser at 48-åringen kjempa for Iraqi National Congress (INC) – på amerikanernes side.

I ettermiddag avgjorde Asker og Bærum tingrett at mannen skal varetektsfengslast i fire veker. Den 48 år gamle mannen får også brev- og besøksforbod i heile fengslingsperioden, samt medieforbod i to veker, av omsyn til etterforskinga, skriv tingretten.

Flykta frå opprør i heimlandet

Mannen har tidlegare sagt at han flykta frå heimlandet då det vart gjort opprør mot regimet til Saddam Hussein i Irak, og kom til Noreg på 1990-talet.

Han har også vore aktiv i ei irakisk foreining i Noreg.

Den terrorsikta møtte ikkje sjølv til fengslingsmøtet mot han i dag.

Nektar kjennskap til skuldingane

Mannen meiner sjølv at han ikkje har gjort noko gale, og difor skulle han heller aldri ha vore sikta i denne saka. Det seier forsvarar Brynjar Meling til NRK.

– Han er ein fornuftig mann som forstår situasjonen han er i og reglane som gjeld for varetekt. Så etter ei heilskapleg vurdering og på bakgrunn av skuldingane, så ønska han å gi politiet fred og ro til etterforskinga, seier Meling.

Han har sjølv samtykka til fengsling.

Mannen er sikta etter straffelova sin paragraf 147 c, bokstav c. Den omfattar å gi opplæring i metodar eller teknikkar som er særleg egna for den som vil utføre terrorhandlingar.

Sjekkar IS-tilknyting

PST ville i går ikkje kommentere om den sikta høyrer til eit spesielt miljø, men etter det NRK kjenner til vil politiet undersøke om han kan ha hatt kontakt med eller sympati med terrorgruppa Den islamske staten (IS).

Det var arbeidsgivaren til mannen som varsla PST då 48-åringen skal ha brote selskapet sine interne retningsliner.

PST seier det dreier seg om å spreie informasjon som er særleg egna til å gjere terrorhandlingar.

AKTUELT NÅ