Hopp til innhold

Terrorsikta møter ikkje til fengslingsmøte

Den 49 år gamle terrorsikta ingeniøren møtte ikkje sjølv i fengslingsmøtet mot han i Asker og Bærum tingrett i ettermiddag. Ifølgje PST er det fordi mannen ikkje ønsker å møte.

PST-advokat Signe Aalling og medforsvarer Gulstad

Advokatfullmektig Bjørn André Gulstad og politiadvokat Signe Aalling i PST på veg til fengslingsmøtet tysdag ettermiddag.

Foto: NRK

Fengslingsmøtet skulle starte klokka 13.30, men var litt forseinka. I retten representerer advokatfullmektig Bjørn Andre Gulstad den terrorsikta ingeniøren. Både PST og forsvararen vil be om at fengslingsmøtet går for lukka dører.

Ingeniøren som jobbar for Aker Solutions vart arrestert på jobb måndag denne veka. Han vart pågripen samtidig som politiet gjennomførte ein razzia mot selskapet.

Etter det NRK veit, er mannen norsk-irakar med norsk statsborgarskap.

Tysdag ettermiddag vert han framstilt for varetekt i Asker og Bærum tingrett.

Er overraska over terrorskuldingane

Mannen meiner sjølv at han ikkje har gjort noko gale, og difor skulle han heller aldri ha vore sikta i denne saka. Det seier forsvarar Brynjar Meling til NRK.

– Han er ein fornuftig mann som forstår situasjonen han er i og reglane som gjeld for varetekt. Så etter ei heilskapleg vurdering og på bakgrunn av skuldingane, så ønska han å gi politiet fred og ro til etterforskinga, seier Meling.

Samtykker til fengsling

– Klienten min ønskjer å bli sjekka ut av saka. Han har forklart seg utan dokumentinnsyn og samtykker til dei restriksjonane som ligg føre han, seier forsvarar Brynjar Meling.

Brynjar Meling

Brynjar Meling er forsvararen til 49-åringen som er terrorsikta.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

PST vil ikkje kommentere opplysningane frå forsvararen.

Mannen er sikta etter straffelova sin paragraf 147 c, bokstav c. Den omfattar å gi opplæring i metodar eller teknikkar som er særleg egna for den som vil utføre terrorhandlingar.

Sjekkar IS-tilknyting

PST ville i går ikkje kommentere om den sikta høyrer til eit spesielt miljø, men etter det NRK kjenner til vil politiet undersøke om han kan ha hatt kontakt med eller sympati med terrorgruppa Den islamske staten (IS).

Det var arbeidsgivaren til mannen som varsla PST då 49-åringen skal ha brote selskapet sine interne retningsliner.

PST seier det dreier seg om å spreie informasjon som er særleg egna til å gjere terrorhandlingar.

Aker Solutions

ngeniøren som jobbar for Aker Solutions vart arrestert på jobb måndag denne veka.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ