Hopp til innhold

Terrorsikta køyrd til nytt avhøyr

Terrorsikta Anders Behring Breivik er onsdag morgon frakta ut av fengselet for nye avhøyr.

Politihuset på Grønland i Oslo

Mannen som har erkjent å stå bak det bestialske massedrapet 22.juli, sit no i sitt tredje avhøyr på politihuset på Grønland i Oslo.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Terrorsiktede Anders Behring Breivik på vei fra retten til politihuset

Anders Behring Breivik på veg til fengslingsmøtet i Oslo Tingrett tre dagar etter terroråtaket. I dag sit han i nye avhøyr.

Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / SCANPIX

Rundt klokka 09 onsdag morgon blei Breivik køyrd til politihuset på Grønland i ein pansra Volkswagen Caravellen, skriv VG Nett.

Den terrorsikta var gøymd bak sota ruter i bilen som henta han ut av Ila fengsel i Bærum, der han no sit i full isolasjon.

Skal konfrontera Behring Breivik

Behring Breivik har frå før vore i to politiavhøyr. Det første gjekk føre seg den 23. og 24.juli og tok i alt sju timar, Førre gong han var inne på politihuset for å avgje forklaring var fredag 29.juli. Då blei han sitjande i ti timar.

Så langt har han gjeve såkalla frie forklaringar, der etterforskarane stiller opne spørsmål og den sikta får lov til å snakka relativt fritt.

Men no blir stilen meir konfronterande. Politiet vil følgja opp dei tidlegare forklaringane hans med meir detaljerte spørsmål.

Hovudfokuset vil vera å finna ut om mannen, som har erkjent å stå bak attentatet og massedrapet den 22.juli, hadde medhjelparar med seg då han planla og gjennomførte terroren.

Teier om terrorceller

Forsvarar Geir Lippestad har tidlegare sagt at Behring Breivik er svært snakkesalig, og at han har samarbeidd med politiet ved å gje detaljerte skildringar av sine handlingar og motiv.

Når det gjeld utsegnet om at det skal eksistera to andre terrorceller i Noreg, nektar 32-åringen derimot å gje politiet meir informasjon.

At regjeringa går av og at Behring Breivik får full tilgang til NRK i 20 timar for å rekruttera ein hær på 2000 mann, er blant krava han har framsett for å gje fleire opplysningar om dei påståtte terrocellene.

AKTUELT NÅ