Lagmannsretten om 16-åring: Skulle ta livet av «vantru»

Lagmannsretten har forkasta anken til den terrorsikta 16-åringen som førre veke blei arrestert av Politiets tryggingsteneste (PST). Han kan difor haldast i varetekt.

16-åring siktet for forberedelser til terrorhandling

Oslo tingrett bestemte fredag at guten kunne haldast i varetekt i to veker.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Borgarting lagmannsrett meiner det er grunn til å mistenke guten for å ha planlagt terrorhandling.

16-åringen skal har vore i «ferd med å tilvirke giftblandinger, med terrorhensikt» og planen var å ta livet av «vantro». Det kjem fram i avgjerda til retten.

Oslo tingrett bestemte fredag at guten kunne haldast i varetekt i to veker. Avgjerda blei anka av forsvararen til 16-åringen. No har lagmannsretten forkasta anken.

Lagmannsretten skriv:

«Blant annet fremgår (det) at noe gift allerede var tilvirket, og at mistanken om terrorhensikt – og fullbyrdelsesforsett – særlig underbygges av siktedes uttalelser i chattelogger».

BOLIG: Politiets sikkerhetstjeneste pågrep 16-åringen torsdag ved 11.30-tiden. Dagen etter er det ingen synlige undersøkelser i boligen.

16-åringen blei arrestert av PST i heimen sin torsdag.

Foto: Martin Zondag / NRK

PST: Planla terror

16-åringen blei arrestert av PST torsdag. Politiadvokat Thomas Blom har uttalt at dei fekk inn opplysningar onsdag som dei meinte var så alvorlege at dei måtte snu seg raskt.

I avgjerda frå lagmannsretten kjem det fram at den sikta ikkje har hatt ønske om å forklare seg. Det er fare for at bevis kan bli øydelagde dersom han blir sett fri, meiner retten.

Lagmannsretten skriv:

«Siktede har så langt ikke villet forklare seg, og det foreligger i det minste – for så vidt gjelder mulige medimpliserte – bevisforspillelsesfare i forhold til hans samtalepartner(-e) på de nevnte chatteloggene».

Etter det NRK erfarer, meiner PST at guten planla å forgifte tilfeldige nordmenn.

Forsvarar Andreas Berg Fevang skriv i ei tekstmelding til NRK at dei no skal gå gjennom avgjerda frå lagmannsretten og vurdere ytterlegare anke.

Simon Solheim:Kan du sei noko om det blir avhøyr?
Andreas Berg Fevang:Avhør vurderes fortløpende. Har ikke kommentar utover det.

Skal overførast til ungdomseining

Forsvararen til 16-åringen har tidlegare opplyst at klienten hans ikkje vedgår straffskuld.

Fevang meiner fengsling er eit uhøveleg inngrep sidan den sikta er såpass ung. Lagmannsretten meiner det ikkje finst alternativ til fengsling i denne saka.

16-åringen er plassert i eit fengsel der det er eige tilrettelagt tilbod for ungdom. PST har opplyst til lagmannsretten at det blir arbeidd for å få 16-åringen overført til ei ungdomseining.

Tre lagdommarar har behandla anken frå forsvararen. Avgjerda er samrøystes.

Tips oss:

Veit du noko om denne saka, eller har du andre tips? Send meg gjerne ein e-post. Alle tips blir behandla konfidensielt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger