Hopp til innhold

Telinet må betale tvangsmulkt på 500.000 kroner

Oslo tingrett har slått fast at Telinet sine vilkår om eitt års bindingstid og 900 kroner i oppseiingsgebyr er urimelege og dermed ulovlege etter marknadsføringslova.

Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård.

Foto: Pressebilde

Forbrukarombodet krev no at Telinet betalar ei tvangsmulkt på 500.000 kroner,då dei framleis nyttar dei lovstridige vilkåra.

LES: - Ikke betal oppsigelsesgebyret
LES ÓG: Mye å spare på riktig strømvalg

Marknadsrådet slo 27. januar 2010 fast at Telinet Energi sitt produkt “Spot med prisgaranti” inneheldt urimelege avtalevilkår i strid med marknadsføringslova.

Til vedtaket vart det knytt ei tvangsmulkt på 500.000 kroner. Telinet klaga saka inn for tingretten, og Oslo tingrett stadfesta 5. november 2010 Marknadsrådet sitt vedtak.

Må fjerne ulovlege vilkår

Telinet har i påvente av dom frå Oslo tingrett helde fram med den ulovlege praksisen, og Forbrukarombodet vedtok denne veka at Telinet må betale tvangsmulkta på 500.000 kroner. Forbrukarombodet krev i tillegg at Telinet fjernar vilkåra om bindingstid og oppseiingsgebyr frå avtalane sine.

Telinet har ankasaka inn for lagmannsretten, men Forbrukarombodet vil av omsyn til forbrukarane som er råka av dei urimelege vilkåra ikkje vente lenger med å handheve vedtaket.

Åtvarar mot forskotsbetaling

Forbrukarombodet har den seinare tida også blitt kontakta av mange forbrukarar som reagerer på at straumrekninga dei har fått frå Telinet er svært høg. Årsaka til dette er at Telinet fakturerer kundane på forskot basert på forventa forbruk og prisutvikling på straum.

– Vi er generelt skeptiske til ein slik praksis, då forbrukaren risikerer å tape forskotsinnbetalinga ved ein eventuell konkurs, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Klagene Forbrukarombodet har motteke tyder i tillegg på at Telinet legg til grunn eit alt for høgt forventa forbruk hjå kundane sine. I tillegg er det særs mangelfull informasjon på fakturaane om korleis Telinet kjem fram til dei beløpa som dei krev at den enkelte forbrukar skal betale inn på forskot.

– Forbrukarar som ikkje vil betale forskotsrekningane frå Telinet bør snarast bytte til ny leverandør. Me rår alle til å velje ein straumleverandør som fakturerer etterskotsvis basert på det faktiske forbruket, avsluttar Nergård.

LES ÓG: Enkelt å bytte strømleverandør


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger