Hopp til innhold

Telenor: – Huawei er ein viktig samarbeidspartnar

PST-sjefen ber norske selskap om å vere på vakt når det gjeld Huawei. Telenor seier dei vil analysere vurderingane.

Huawei på Mobile World Congress i Barcelona

PST ber norske verksemder vere obs på Huawei si rolle i den norske infrastrukturen.

Foto: Eric Gaillard / Reuters

PST-sjef Benedicte Bjørnland ber i eit intervju med NRK i dag norske selskap om å vere obs på Huawei , altså at selskapet kan vere ein trusselrisiko. Dette er i tråd med åtvaringar også frå fleire vestlege land.

Både Telenor og Telia har hatt tett samarbeid med Huawei i utbygginga av det norske mobilnettet. Huawei var tungt inne i 4G-utbygginga, og dei er også med i pilotprosjekt for utbygging av 5G, femte generasjon av mobilnettet.

– Brukar trusselvurderingane

Caroline Linde i Telenor.

Caroline Lunde er kommunikasjonssjef i Telenor.

Foto: Telenor

Caroline Lunde i Telenor seier at selskapet har lang tradisjon for å bruke dei årlege trusselvurderingane frå Etterretningstenesta og PST når dei byggjer sitt eige trusselbilete.

– Vi kjem til å analysere kva desse vurderingane kan bety for oss som verksemd, kundane våre og samfunnet. Det vil vi også gjere med trusselvurderinga frå PST, seier ho til NRK.

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) sa i januar i år at Huawei kan bli stengt ute frå utbygginga av det nye 5G-nettet her i landet , men at saka framleis var under vurdering.

Caroline Lunde seier at Telenor saman med dei andre aktørane, altså Telia og Ice Net, er i dialog med styresmaktene om dette spørsmålet. Ho presiserer at det er Telenor som både byggjer og driftar mobilnettet.

– Det er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar det eventuelt kunne få for 5G-utbygginga om det viser seg at Huawei ikkje kan veljast på grunn av føringar frå norske styresmakter, seier ho,

Ho gjer det klart at dei enno ikkje har valt leverandørar til 5G.

Huawei – fare for spionasje eller svertekampanje?

Norske lover

– Valet av leverandørar er ved sida av teknologiske, funksjonelle og kommersielle forhold, basert på norske lover og forskrifter, krav frå styresmaktene og Telenors eigne vurderingar av forsvarleg tryggleik, legg kommunikasjonssjefen til.

På spørsmål om det er mogleg å sikre seg mot at ein underleverandør misbrukar teknologien i ei slik utbygging, svarar ho dette:

– Ein kan aldri sikre seg 100 prosent, men ei kan gjere mange tiltak for å redusere risikoen og auke evna til å oppdage tryggingsbrot raskt, seier Caroline Lunde.

Tryggleik og kundetillit

Henneing Lunde i Telia.

Henning Lunde er kommunikasjonsdirektør i Telia.

Foto: Telia

Kommunikasjonsdirektør Henning Lunde i Telia seier at tryggleik og kundetillit alltid vil ha høgst prioritet, og at dei i tråd med dette vurderer fortløpande alle partnarar og leverandørar.

– Vi har dialog med styresmaktene på mange felt. Vi følgjer Tryggingslova, og vi følgjer sjølvsagt alle norske lover og krav frå styresmaktene. Vi nyttar utstyr frå mange ulike leverandørar i mobilnettet vårt, blant andre Huawei og Ericsson, seier Henning Lunde til NRK.

Han presiserer at det ikkje er avgjort kven som skal levere utstyr til Telias nye 5G-nett.

Torgeir Waterhouse

Direktør i IKT Norge, Torgeir Waterhouse, opplyser at Huawei har levert mykje teknologi til dei norske mobilnettverka.

Foto: Pressefoto / IKT Norge

– Mykje Huawei-teknologi

Torgeir Waterhouse, direktør for Internett og nye medium i IKT Norge, seier at Huawei er eitt av selskapa som har mykje teknologi i mobilnetta her i landet. Han minner om at mobilnettet blir rekna som ein del av den samfunnskritiske infrastrukturen.

– Frykta og den moglege risikoen i dette er at kinesiske styresmakter skal kunne påleggje eine aktør som Huawei å delta i deira etterretningsarbeid, eller gi tilgang til nettverk dei ikkje skulle hatt tilgang til, seier han til NRK.

Waterhouse minner om at mobiltelefoni, meldingar og datatrafikk går gjennom mobilnettet. Om trafikken ikkje er kryptert, så er det mogleg å overvake han. Det er også mogleg å overvake kryptert trafikk, seier han, men det er mykje vanskelegare.

– Det er ein debatt i mange land om kva land ein ynskjer å samarbeide med eller ynskjer å ha tettare relasjonar til. Vurderingane som må gjerast av styresmaktene, blant anna PST, er i kva grad ein vil tillate at teknologi frå land ein ikkje har eit tryggingssamarbeid med, blir ein del av infrastrukturen i samfunnet, legg han til.

Waterhouse meiner dette er kompliserte diskusjonar og prosessar, men at det er viktig å stille generelle tryggingskrav til dei nettverka som er i bruk.

AKTUELT NÅ