Hopp til innhold

Telenor og Telia innrømmer at dyre femsifra nummer ikkje har ekstra funksjonar

For å få hjelp av mange teleselskaps kundeservice må du betala, sjølv om du har frie ringeminutt. NRK kan avsløra at Telenor og Telia innrømmer at det ikkje er noko som teknisk berre er mogleg på femsifra nummer.

Montasje av logoene til Telia og Telenor

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er ikkje nøgd med korleis norske teleselskap, inkludert Telia og Telenor, held seg til femsifra nummer.

Foto: Kristoffer Nyblin Kaspersen/Lise Åserud (Montasje) / NTB scanpix

Telenor og Telia tek betalt for kundeservice frå kundar som elles kan ringa kor mykje dei vil til mobil- eller fastnummer i Noreg, skreiv NRK i november.

Årsaka er at begge selskapa opererer med eit kundeservice-nummer på fem siffer. Desse nummera kostar 80 til 85 øre minuttet å ringa. Skal du ringa andre femsifra nummer, kostar det gjerne eit par kroner i minuttet.

Både Telia og Telenor viste til at årsaka til at det kostar å pengar å ringa kundeservicenummeret, var at det er meir funksjonalitet i eit femsifra nummer.

Og Telenor sa i fjor til dinside.no at «Femsifrede nummer handler om verdiøkning, og det blir ikke riktig å sammenligne dette med vanlige mobilnummer som er totalt renset for avansert verdiøkning.»

Dette handlar til dømes om å senda kunden til nærmaste ledige kundebehandlar.

Er klare i dokument til Nkom

Dokument NRK har fått innsyn i dokument frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Der innrømmer selskapa at at dei ikkje treng femsifra nummer for å få auka funksjonalitet.

Dei har fått spørsmålet: «Er det noen IN-tjenester som er mulig på spesialnummer, men som ikke er teknisk mulig på geografiske nummer eller mobilnummer?»

Telenor svarer: «Teknisk sett kan alle tjenester lages på alle typer nummer».

Telia svarer berre «nei».

Altså innrømmer begge to at dei ikkje må ha eit dyrt femsifra nummer for å gi sine kundar hjelp på same måten som dei kan gi med eit åttesifra nummer.

Slik forklarar Telenor og Telia seg

På spørsmål frå NRK om korleis selskapa forklarer det som ser ut som ei motseiing svarar Telenors informasjonssjef Anders Krokan at det selskapet har sagt til Nkom er «heilt i tråd» med det NRK har blitt fortalt.

– Det er reint teknisk mogleg. Om det praktisk er mogleg, er ei anna sak. Då må kostnaden ved den ekstra funksjonaliteten bli henta inn på ein annan måte.

Telias pressekontakt Kristian Fredheim viser til at femsifra nummer er enklare å hugsa, og at «ofte er det ein spesiell funksjonalitet som oftast blir knytt til desse nummera.»

Styresmakten: – Litt uheldig

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit la i haust ut ei sak på sine nettsider med tittelen «Ikke logiske priser til femsifrete nummer.»

Seksjonssjef i Nkom Hans Jørgen Enger

Seksjonssjef i Nkom Hans Jørgen Enger.

Foto: Arild Færaas

Dei peikar på at prisane hos mange aktørar er langt høgare enn kostpris, og at det er lite konkurranse om desse prisane.

Seksjonssjef Hans Jørgen Enger i Nkom meiner selskapa ikkje har ei god nok forklaring på korfor prisane er så høge.

– Det er også litt uheldig at dei ikkje seier at det er teknisk mogleg å ha dei funksjonane på alle nummer med ein gong.

AKTUELT NÅ