Hopp til innhold

Teknologiekspert: – Regjeringa sitt mobilvern er merkeleg bakpå

Seinast i fjor haust fekk regjeringstoppar krypteringseiningar som hindrar mobilspionasje. Ulempa er at det nye systemet berre beskyttar talekommunikasjon – ikkje SMS eller datatrafikk. – Bakpå, meiner teknologiekspert.

Mobilbruk blant politikere på Stortinget

Politikarane er heilt avhengige av mobilane sine. Mykje av kommunikasjonen i løpet av ein arbeidsdag skjer på epost eller via SMS, som ikkje er beskytta av regjeringa sitt mobilvern.

Foto: Stortinget

Fredag denne veka avslørte Aftenposten hemmeleg, ulovleg mobilspionasje i områda rundt sentrale bygg i Oslo som blant anna Stortinget, fleire regjeringskontor og statsministerbustaden.

Det betyr at stortinget og statsministeren kan vera overvaka av ukjende aktørar.

Dette er mogleg til trass for at det seinast i fjor haust blei innført eit nytt krypteringssystem for å verna den norske regjeringa mot mobilspionasje.

– Verkar rart

Anders Brenna

Teknologiekspert Anders Brenna synest det er merkeleg bakpå av styresmaktene å ikkje beskytta regjeringstoppar mot overvaking av SMS og mobildata.

Foto: xxx / NRK

Krypteringseiningane som regjeringa er utstyrte med beskyttar nemleg berre talekommunikasjon. Verken data eller SMS blir kryptert.

Det er Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) som skal planleggja og gjennomføra tryggingstiltak for å motverka spionasje mot staten og nasjonale interesser. NSM påpeikar sjølv at det nye krypteringssystemet berre beskyttar regjeringsmedlemmene når dei snakkar i mobiltelefonen sin – ikkje elles.

Dermed er det mogleg for dei falske basestasjonane (sjå faktaboks) som Aftenposten har avdekt å overvaka datatrafikken frå statsministeren og andre toppolitikarar sine smarttelefonar.

Då er løysinga som NSM har valt bakpå, meiner teknologievangelist ved Knowit Anders Brenna.

– Det verkar rart at dei berre har kryptert tale, og ikkje teke høgde for at også stortingspolitikarar kommuniserer mykje via til dømes SMS og epost, seier Brenna til NRK.

Se også NRKs ekstra sikre tipskanal

– Valde systemet ut ifrå krava den gongen

Kjetil Berg Veire

Informasjonssjefen i NSM Kjetil Berg Veire seier at dei heile tida vurderer om det finst betre metodar for å verna regjeringstoppar mot mobilspionasje.

Foto: nsm.stat.no

Informasjonssjefen i NSM Kjetil Berg Veire skriv i ein e-post til NRK at dei valde talekrypteringssystemet ut ifrå behovet til regjeringa på dåverande tidspunkt:

– Løysinga blei valt på bakgrunn av dei funksjonelle krava som brukarane hadde den gongen. Fordelen med den er at den kan brukast uavhengig av om du har Android- eller iOS-telefon, den er uavhengig av plattform.

Til kritikken om at det er «bakpå» å utelata kryptering av SMS og data, svarar Veire at ein må avvega behovet for sikring opp mot behovet for ein brukarvenleg mobiltelefon.

– Det er ein balansegang mellom tryggleik og funksjonalitet, og dette er valet som blei teke den gongen. Om det finst betre løysingar på marknaden som er sikre nok no, vurderer me fortløpande, opplyser Veire i NSM.

Teknologiekspert Brenna meiner det hastar å få på plass sikrare mobilvern for norske toppolitikarar:

– Det er uansett betre å ha noko sikkerheit på mobil data og SMS enn null sikkerheit.

– Me snakkar om ei investering som er svært viktig for samfunnet vårt, at toppolitikarar kan kommunisera saman utan å bli overvaka. Norske styresmakter må ta fleire grep for å oppnå sikker kommunikasjon, meiner Brenna.

AKTUELT NÅ