Hopp til innhold

Noreg startar tvangsretur til Somalia

Torsdag blei ein person uttransportert til Somalia i den første tvangsreturen til landet på fleire år. Utlendingsnemnda opnar no for fleire tvangsreturar.

Den første personen på mange år blei torsdag uttransportert til Mogadishu i Somalia.

– Trygt å reise til Mogadishu igjen

Utlendingsnemnda bestemte i slutten av 2012 at det var trygt å tvangsreturnere personar til Somalia, etter at eit vedtak frå oktober 2010 suspenderte utreiseplikta.

I to vedtak frå desember 2012 kom Utlendingsnemnda (UNE) til at tryggingssituasjonen i Mogadishu ikkje lengre er så alvorleg at alle asylsøkjarar derfrå treng beskyttelse.

Samarbeider med somaliske styresmakter

Ifølgje Politiets utlendingseining samarbeider dei med somaliske styresmakter for å få reisedokument og aksept for å returnere personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg.

Opnar for tvangsretur

Alle som har endeleg avslag på søknad om opphald pliktar å reise heim frivillig. Dersom dei ikkje gjer det, vil politiet transportere folk ut med tvang.

Politiets utlendingseining skriv på deira nettsider at samarbeidet med somaliske styresmakter har blitt mogleg etter at Somalia etablerte eit fungerande statsapparat for litt over eitt år sidan.

Somaliarar utgjer den største gruppa asylsøkjarar til Noreg, skriv NTB. I fjor kom det 2.181 asylsøkjarar frå det krigsherja landet, medan det så langt i år er kome 1.335 søknadar frå somaliarar, ifølgje Utlendingsdirektoratet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger