Hopp til innhold

Tek arrangøren atterhald om uventa hendingar risikerer du å ikkje få att pengane

Arrangørforbunda meiner Covid-19-situasjonen gjev dei grunnlag for å nekte folk refusjon på billettar.

ob0MWs_t2-s

RAMMA: Vazelina Bilopphøggers skulle etter planen ha to store konsertar i Oslo i mars. Dei utset no konsertane til hausten. Fleire andre artistar har måtte avlyse som følgje av det nye koronaviruset. Det vil føre til store mengder med refusjonskrav frå dei som har kjøpt billettar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB SCANPIX

– Hovudbodskapen vårt no er at det ikkje er mogleg å sette to strekar under svaret på om publikum har rett til å få tilbake pengane. Vi ønskjer og å understreke at retten på refusjon ikkje betyr at du nødvendigvis har rett på hundre prosent refusjon.

Det seier Tone Østerdal, dagleg leiar i interesseorganisasjonen Norske konsertarrangørar.

I ein samla ytring om retten til refundering av billettar skriv fleire store norske arrangørar at dei reknar utbrotet av det nye koronavirus som ein «Force majeure».

Dette er ein vanleg klausul i kontraktar som løyser arrangørane frå plikta for å refundere billettar når arrangementet vert avlyst på grunn av ekstraordinære hendingar.

– Men det må vere eit punkt om dette atterhaldet om ekstraordinære hendingar i avtalen mellom arrangør og billettkjøpar?

– Ja, det må det, svarar Østerdal.

Tone Østerdal

KREVJANDE: Tone Østerdal, dagleg leiar i interesseorganisasjonen Norske konsertarrangørar beskriv situasjonen som følgje av det nye koronaviruset som svært krevjande.

Foto: Norske konsertarrangører / Pressebilde

Meiner forbodet styrkjer arrangørane sin sak

Organisasjonane som har skrive under på pressemeldinga er Norske Konsertarrangørar (NKA), Norske Kulturhus, Norwegian Entertainment Managers and Agents Association (NEMAA), GramArt, Creo og Virke.

Østerdal fortel at arrangørorganisasjonane er glade for at det no kjem forbod og ikkje berre anbefalingar mot arrangement fleire stadar.

– Dette er noko heilt anna i forhold til retten arrangøren har til å hevde force majeure enn ved ei anbefaling, seier Østerdal til NRK.

Ho skildrar konsekvensane av det nye koronaviruset som svært krevjande for bransjen.

Vil det kome konkursar?

– Ja, det er vi veldig bekymra for, spesielt fram mot sommaren når festivalsesongen startar for fullt, svarar Østerdal.

Forbrukerrådet/Pia Høst

STÅR VED RETTEN TIL REFUSJON: Pia Cecilie Høst, Leiar for forbrukardialog i Forbrukerrådet

Foto: John Trygve Tollefsen / Forbrukerrådet

Meiner prinsippet står ved lag

Pia Cecilie Høst i Forbrukerrådet meiner retten din til refusjon ved avlyste arrangement, som konsertar og fotballkampar, står ved lag, trass i eventuelle forbod mot arrangement.

– Vi står framleis for det at visst du kjøper ein billett så skal du få tilbake pengane om du ikkje får det du betalar får, men sjølvsagt vil det med vilkår spele inn, seier Høst.

I hennar auge må dette atterhaldet mot retten på refusjon ved kanselleringar stå i klartekst.

– Bestiller du på nettet bør det vere tydeleg når du betaler, at dei tar atterhald og at du ikkje får billetten refundert. Vi meiner det ikkje kan stå med lita skrift ein stad som du ikkje finn fram til, seier Høst.

Leiaren for forbrukardialog i Forbrukerrådet fortel at det har vore stor pågang av folk som er bekymra for kansellerte reiser og arrangement dei siste dagane.

– Det er absolutt merkbart mange fleire som tar kontakt med oss om rettigheitene sine via telefon, seier Høst.

AKTUELT NÅ