– Vi ser at besteforeldre ofte tar med seg barn, barnebarn og svigerbarn på tur og spanderer heile gildet, seier Merete Falck, prosjektdirektør for Reiselivsmessa.
Nytt år betyr nye ferieveker og ein ny sum feriepengar som mange ønskjer å bruke på reiser. Stadig fleire vel å reise saman med heile familien på tur, og Falck trur slike generasjonsreiser blir ein endå større trend i året som kjem.
– Det blir meir og meir viktig å vere saman. Besteforeldra ønskjer å tilbringe meir tid med barnebarna, og vil bruke pengane sine på familien. I tillegg får foreldra litt barnevakt i besteforeldra, slik at dei får litt tid for seg sjølve, seier Falck.
Dei karibiske øyar
Snø og minusgrader gjer at mange familiar set seg på flyet til Kanariøyane i vinterhalvåret. Spania og Hellas er framleis attraktive reisemål for nordmenn, også i 2016.
Utanfor Europa trur Falck at dei karibiske øyane blir populære reisemål. Ho seier at det tok heilt av då flyselskapet Norwegian starta med direkteruter dit.
– Nordmenn er stadig på jakt etter den urørte kvite perla, seier ho, og legg til at Karibia også er ein populær stad for dei som ønskjer å reise på cruise.
Lar oss ikkje skremme
Det siste året har det vore fleire terrorangrep i europeiske byar, det siste i Istanbul i Tyrkia denne veka. Falck trur likevel ikkje dette får turistane til å skygge unna.
– Eg trur det påverkar valet vårt umiddelbart, men når media sluttar å skrive om det så er vi tilbake, spesielt i populære stadar som Paris, og også i Tyrkia, seier Falck.
Falck trur heller ikkje at nordmenn i stor grad lar den låge kronekursen påverke valet av feriemål. Sjølv om vi får mindre igjen for den norske krona er ikkje dette avgjerande, seier ho.
– Eg trur vi først og fremst vel det vi vil oppleve, og så tenkjer vi sekundært på kvar vi får mest valuta for pengane.
- Les òg:
- Les òg:
Populært med Noregs-ferie
Mange nordmenn reiser på fleire turar i løpet av eit år, og ofte er ein av desse ein ferie i Noreg.
– Vi ser ein tydeleg trend at nordmenn ønskjer å feriere i sitt eige land, seier Rigmor Myhre, marknadsansvarleg i NordNorsk Reiseliv, avdeling Bodø.
Dei siste åra har dei sett ein jamn auke av nordmenn som reiser til Nord-Noreg for å oppleve naturen og friluftslivet.
– Det å sykle, padle, og gjere ting saman med familien blir meir og meir viktig. Då er Nord-Noreg ein flott plass å feriere, seier Myhre.