Tar hijab-sjølvkritikk

- Eg tek min del av ansvaret, seier justispolitisk talskvinne Anne Marit Bjørnflaten i Arbeidarpartiet.

Anne Marit Bjørnflaten
Foto: Nyhetsspiller

Bjørnflaten seier Ap sin justisfraksjonen på Stortinget har eit ansvar for at Hijab-saka ikkje var godt nok forankra.

Les også: Regjeringa opna for politihijab.

Mange i Ap var sterkt kritiske til å opne for det religiøse hovudplagget i politiet.

- Har eit ansvar

Fredag 20. februar trakk justisminister Knut Storberget like godt heile forslaget.

- Vi i justiskomiteen har ansvar for å forankre slike saker i stortingsgruppa. Det gjorde vi ikkje, seier Bjørnflaten.

Les også: Storberget visste ikke om hijab-vedtak .

Ho trur at hijab-debatten som har rast den siste tida, kanskje kunne vore unngått dersom prosessanen innad i Ap hadde vore betre.

Fleire tek sjølvkritikk

Thomas Breen, som også sit i justiskomiteen til Ap, tek òg på seg noko av skylda for partibråket.

- I Ap si gruppe har alle fraksjonar eit ansvar, seier han.

Storberget har også teke sjølvkritikk for handteringa av uniformsreglementet i politiet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger