Hopp til innhold

Tante Mette-Marit er fadder

Kronprinsesse Mette-Marit er blant fadrane når Emma Tallulah Behn blir døypt i Slottskapellet i ettermiddag. Farmor Marianne Solberg Behn skal bære barnet til dåpen.

Emma Tallulah
Foto: Ari Behn / Scanpix

Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn har henta fadrar frå nær familie og både kongeleg og ikkje-kongeleg vennekrets. Marianne Solberg Behn har den gjevaste jobben, ho er gudmor til Emma Tallulah. Saman med henne rundt døypefonten står kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Alexia av Hellas, Sigvart Dagsland, Annbjørg Sætre Håtun og Carl Christian Christensen.

Den sjuande fadderen, Christian Udnæss, kan ikkje vere til stades i slottskapellet i ettermiddag. Han er onkel til dåpsbarnet, gift med Anja Bjørshol, systra til Ari Behn.

Nære venner

Sigvart Dagsland synger under dåpen til Leah Isadora

Sigvart Dagsland sang i dåpen til Leah Isadora. Nå er han valgt til fadder for Emma Tallulah.

Foto: NRK

Då Leah Isadora Behn vart døypt i 2005 framførte artisten Sigvart Dagsland salmen “Kjærlighet fra Gud” under gudstenesta. I dag er han fadder, plukka blant ekteparet Behn sine næraste venner.

Se bilder fra Leah Isadoras og Maud Angelicas dåp

Journalist og forfattar Annbjørg Sætre Håtun er også fadder. Hennar ektemann, Jon Andreas Håtun, også kjent som multikunstnaren Jono el Grande, er fadder for storesøster Leah Isadora. Carl Christian Christensen er gift med Gry Busletto, ei av prinsesse Martha sine næraste venninner. Brusletto er også fadder for Leah Isadora.

Kongelege venner

Alle Behn-barna har ein fadder henta frå foreldrene sin vennekrets blant dei kongelege i Europa. Til slottskapellet i dag kjem prinsesse Alexia. Ho er rett nok ikkje prinsesse lengre, sidan ho er dotter av eks-kong Konstantin av Hellas og dronning Anne Marie, systra til dronning Margrethe av Danmark. Men av sine norske kongelege venner blir ho framleis kalla prinsesse.

Lokal prest

Alle barnebarna til kong Harald og dronning Sonja er døypte av biskopen i Oslo. Emma Tallulah blir unntaket. Ho skal døypast av soknepresten i Lommedalen, Gunnar Næsheim. Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn har valt sin lokale sokneprest for å understreke tilknytinga dei har til kyrkjelyden i Lommedalen. Dei to eldste jentene i familien går i menighetsbarnehagen og familien går til gudstenste i Lommedalen kirke.

Dåpsfest på Slottet

Men at Emma Tallulah er av kongeleg slekt blir det ikkje lagt skjul på når ho blir døypt i ettermiddag. Slottskapellet er festpynta og dåpskjolen er boren av mange kongelege barn før henne.

Prinsesse Märtha Louises dåp

Mârtha Louise ble i 1971 døpt i samme dåpskjole som Emma Tallulah skal bruke i dag.

Foto: NTB Arkivfoto / SCANPIX

Nær 200 gjester er venta til gudstenesta i slottskapellet og etterpå held kongen og dronninga mottaking på Slottet.

Historisk dåpskjole

Dåpskjolen Emma Tallulah har på seg blei sydd av hennar tippoldemor, Prinsesse Ingeborg, i 1920. Samtlege av Kong Olavs barnebarn og oldebarn, bortsett fra Prinsesse Ingrid Alexandra, er døypte i denne dåpskjolen. Namna på dei som har brukt kjolen er brodert inn. Prinsesse Ingrid Alexandra er døpt i Kong Olavs dåpskjole.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT