Hopp til innhold

Talet på privatskulelevar har auka

Dei raudgrøne skulle stanse privatiseringseksperimentet til Høgre. I staden har talet på privatskuleelevar auka.

illustrasjonsfoto skole

Illustrasjonsfoto skuleelevar.

Foto: Destoc / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

På den katolske privatskulen St. Sunniva i Oslo øver elevar frå ulike klassetrinn og med ulik etnisk bakgrunn på fløytespel.

Trass i at dei raudgrøne skulle stanse det dei kalla Høgre sitt gigantiske privatiseringseksperiment, aukar talet på privatskuleelevar. I vidaregåande skule er auken på 4000 elevar, eller 50 prosent:

- Forskjellane aukar

- Det er stort sett Montesorriskular, Steinerskular, internasjonale skular og idrettsgymnas som aukar. Det er privatskular eg synest er viktige, og som gjer ein viktig jobb i tillegg til det offentlege tilbodet, seier barneminister Anniken Huitfeldt.

Huitfeldt har gjennom valkampen vore i debatt med tidlegare skuleminister Kristin Clemet.

Huitfeldt meiner forskjellane aukar med privatskular, Clemet meiner det blir meir mangfald og viser til St Sunniva. Der har rektor Geir Erik Moen ansvaret for elevar med svært ulik bakgrunn:

- Vi snakkar vel eit førtitals språk her, tenkjer eg. Vi har 60-65 prosent elevar som har såkalla minorotetsbakgrunn. Det er eit veldig mangfald her, seier Moen.

Tåkelegging

Dei raudgrøne oppheva friskulelova og snakkar utelukkande om private skular.

Men det er forskjell mellom reine privatskular og såkalla friskular under statleg kontroll med statleg støtte, meiner Clemet. Bruken av ordet privat er tåkelegging av debatten, seier ho og vil ha friskulelova tilbake.

- Tolka i beste meining er vi redde for at lommeboka skal avgjere om vi får ei god utdanning. Men det er difor vi har friskulelova. Eg synest det er tilslørande å late som at ein friskule er ein ekte privatskule, for det er det ikkje, seier Clemet.

- Eg ønskjer ikkje eit frislepp av privatskular, slik den førre regjeringa gjennomførte, seier Huitfeldt.

AKTUELT NÅ