Hopp til innhold

Tajik: Pensjon frå første krone allereie neste år

Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) seier til VG at regjeringa likevel vil innføre pensjon frå første krone frå 1. januar 2022.

Hadia Tajik i Stortinget

Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) seier til VG at regjeringa likevel vil innføre pensjon frå første krone frå 1. januar 2022.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Vi har bestemt oss for å forsere arbeidd med pensjon frå første krone og innfører det allereie neste år, seier Tajik til avisa.

Det er ordninga med obligatorisk tenestepensjon (OTP) som no blir endra. I dag må du tene minst 1G – 106 399 kroner – for å få pensjon på lønna.

– Alle over 18 år får opptening frå første krone dei tener. Dei må ikkje vente til dei har tent 106.000, seier Tajik.

Ein million

Ho seier omlegginga omfattar ein million nordmenn. I tillegg får 160.000 unge mellom 18 og 20 år og folk i stillingar under 20 prosent no for første gong tenestepensjon.

– Du får pensjonen same kor liten stillingsbrøk du har, seier Tajik.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner regjeringa går for fort fram.

– Ei innføring allereie 1. januar 2022 og med moglegheit for overgangsordningar til 1. juli 2022 gir bedriftene altfor kort tid, særleg når omlegginga ikkje er kostnadsnøytral, seier direktør for arbeidsliv i NHO, Nina Melsom, til VG.

Utelate i statsbudsjettet

Pensjon frå første krone har lenge har vore ei kampsak for både Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men partia utelét reforma i statsbudsjettet for neste år, noko som førte til skuldingar om løftebrot frå Høgre.

I den munnlege spørjetimen på Stortinget 10. november måtte Tajik svare på kvifor Støre-regjeringa droppa den sentrale kampsaka i tilleggsnummeret til statsbudsjettet. Høgres Henrik Asheim viste til at både Ap og Sp hadde svart «ja» på eit spørsmål frå LO under valkampen om dette ville bli innført frå 1. januar 2022.

Tajik svarte då at bedriftene vil trenge tid på å setje i verk ei ny pensjonsordning.

– Men det er ikkje mogleg å gjennomføre dei praktiske endringane som skal til på 27 dagar, sa Tajik for berre tre veker sidan.

No er tonen ein annan.

– Regjeringa har no sett på om det er mogleg å innføre desse forbetringane raskare enn det som lovforslaget fremja av den førre regjeringa la opp til. Vi planlegg derfor for ikrafttredelse allereie frå 1. januar 2022, med moglegheit til overgang til 1. juli 2022, for dei bedriftene som treng det, seier ho til VG.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger