Tajik: - Ikkje medkjensle eg vil ha

Hadia Tajik blir kritisert for å ha kuppa gårsdagens Debatten og flytta fokuset vekk frå ekstremisme og over på seg sjølv. – Det er ikkje medkjensle eg vil ha, men ansvar og konfrontasjon, seier Ap-politikaren til NRK.

Raste mot Frp

Nok er nok, meiner Ap-politikar Hadia Tajik. I Debatten torsdag 28. august tok ho eit kraftig oppgjer med muslimfiendtleg retorikk frå Frp. I etterkant får ho kritikk for personåtak og egoisme.

Hadia Tajik hadde eit krystallklart bodskap til Framstegspartiet på tampen av gårsdagens direktending av Debatten på NRK1. Ho langa ut mot Frp-leiinga for ikkje å ta oppvasken i eigne rekkjer når deira folkevalde fremjar eller støttar muslimhets.

Motdebattantane Mazyar Keshvari (Frp) og Abid Raja (Venstre) reagerte begge på at ein viktig debatt om motkjemping av ekstremisme og radikalisering gjekk over til å dreia seg om Ap sin kritikk av Frp-retorikk.

Keshvari meiner Tajik flytta fokuset i ordskiftet over på seg sjølv.

Tajik var tydeleg prega etter at sendinga var over. Tårene kom og «Det var godt å få sagt. Takk for i kveld», var meldinga ho la ut på Twitter.

Men sympati var ikkje det ho var ute etter, understreka Tajik i eit intervju med NRK seint torsdag kveld.

– Eg etterlyser ikkje medkjensle – det er ikkje det eg vil ha. Det er den direkte konfrontasjonen, oppgjeret, ansvaret eg etterlyser, seier ho.

Ber likestillingsministeren gjera jobben sin

Solveig Horne

Det er departementet til Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) som har fått ansvaret for å førebyggja hatretorikk i regjeringa sin nye handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

No ber Tajik likestillingsminister Solveig Horne (Frp) om å gjera jobben sin.

Ho viser til regjeringa sin nye handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Handlingsplanen plasserer ansvaret for å jobba førebyggande mot hatretorikk og trakassering hjå Barne- og likestillingsdepartementet.

– Eg vil ha ein barne- og likestillingsminister som er barne- og likestillingsminister. Dersom Solveig Horne skal jobba med å førebyggja hatretorikk, så må ho også ta eit oppgjer med hatretorikk som kjem frå eigne rekkjer, meiner Tajik.

– Solveig Horne, Anders Anundsen, Siv Jensen, dei svarar alle ingen kommentar. Dei same folka som har ansvaret for å ta eit oppgjer med hatretorikk og som lagar strategiar for å førebyggja at hatretorikk får festa seg i Noreg nektar med det å ta stilling til det når deira eigne er med på å spreia hatretorikk. Det er det eg reagerer på, seier Tajik.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) seier til NRK at han aldri har nekta å svara på Tajik sine påstandar

– Me har ikkje fått spørsmål om den aktuelle saka tidlegare og påstanden frå Tajik om at eg har svara «ingen kommentar» er dermed feil. FrP-representanten har bede om orsaking for sine «likes» og det var på sin plass, påpeikar Anundsen.

Likestillingsminister Horne ville fredag ikkje kommentera saka. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med Frp-leiar Siv Jensen.

Fra Debatten 28. august

Sjå reprise av torsdagens Debatten-sending med radikalisering og ekstremisme som tema. Frå venstre mot høgre: Ap-politikar Hadia Tajik, forstandar Nadeem Shad, samfunnsdebattant Bushra Ishaq, generalsekretær Methab Afsar frå Islamsk Råd og Frp-politikar Mazyar Keshvari.

Frp: – Eit bakhaldsåtak, typisk NRK

Mazyar Keshvari

Innvandringspolitisk talsmann for Frp Mazyar Keshvari møtte Hadia Tajik til ordskifte i Debatten på NRK1 torsdag 28. august. Han kritiserer NRK for det han opplevde som eit bakhaldsåtak på direktesendt TV.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Den som måtte svara på Frp sine vegne på direktesendt TV var ein tydeleg overraska Mazyar Keshvari, innvandringspolitisk talsmann i Frp.

Keshvari seier han tek sterk avstand frå sjikane mot Tajik, men meiner det var feil å ta debatten under gårsdagens direktesending:

– Eg meiner dette er ein viktig og seriøs debatt. Det er altfor seriøst til å ta opp i ei bisetning, slik som under Debatten i går. Det burde programleiaren ha visst.

Keshvari blei teken på senga og var ikkje klar over at Tajik si oppleving av Frp-hets skulle debatterast på direkten.

– Det er uheldig at det blei slik som det blei – ei typisk NRK-avslutning på det heile – eit bakhaldsåtak.

Kyrre Nakkim

Magasin- og debattredaktør i NRK Kyrre Nakkim avviser skuldingar om at NRK hadde planlagt eit bakhaldsåtak mot Frp.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Magasin- og debattredaktør i NRK Kyrre Nakkim avviser skuldingane.

– Me har ikkje planlagt eit bakhaldsåtak mot Keshvari og Frp. Det var ikkje programleiaren som bringa temaet på banen, det var det Tajik som gjorde. Ingunn Solheim gjorde det einaste riktige – ho sikra Keshvari sin kommentar og let han få siste ord i Debatten, svarar Nakkim.

At muslimhetsen mot Tajik den siste veka blei eit tema i ein debatt om radikalisering burde heller ikkje overraska Frp-politikaren, meiner Nakkim.

– Tajik sitt utspel mot Frp bør ikkje forundra nokon dersom ein har lese aviser dei siste dagane. Det burde Keshvari ha gjort og førebudd seg, seier Nakkim.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger